Babi i Baku: skraphomsen

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Åtvarar mot Grand Prix

Babi Badalov kjende homohatet i Aserbajdsjan på kroppen då han gøymde seg inst i skapet i Baku.

Då Aserbajdsjan vart uavhengig i 1991 vart det og religionsfridom i landet. På den eine sida lengta mange etter fridom, på den andre sida vart folk meir og meir religiøse, og aserbajdsjanske muslimar hatar homoseksuelle.

Kunstnaren og poeten Badalov budde i Russland på den tida, sia i USA. Men noko trekte heime. Han kjente at landet hadde trong for han, og han reiste heim. I sju år heldt han ut. Men tilhøva vart berre verre utover 2000-talet. I dag bur han i Paris.

– Det er vanskelege tider i Aserbajdsjan nett no, og ein dragkamp mellom den fanatiske propagandaen frå det religiøse nabolandet Iran og ein slags invasjon av vestleg livsstil, forsterka av ESC, seier han til dei som spør.

Badalov reknar med at styresmaktene vil prøve å vise seg fram under ESC som eit ope og demokratisk samfunn. Men Aserbajdsjan imiterer demokrati. Det vil truleg vere fint for dei homofile i Baku å sjå likesinna desse dagane, men det vil ikkje ha nokon effekt ut over det, det er for mange konservative muslimar blant vanlege folk. Kanskje kan det til og med gje den stadig større religiøse gruppa enda eit kort på handa, her er eit synleg teikn på forfallet og hedonismen vestleg livsstil fører med seg.

Søppelmannen
Men kva gjorde livet så vanskeleg at Badalov braut opp for andre gong? Sommaren 2005 går kunstnaren gatelangs i hovudstaden ved kanten av Kaspihavet. Det er seks år sia han flytta attende til Aserbajdsjan. Det er seks år sia han levde eit fullverdig liv. Ikkje ein gong dei beste venene som går saman med han må vite.

Det er ei snodig oppleving å rusle rundt i byen saman med Babi. Plutseleg er han borte. Du finn han att på gateplan, krumbøygd over eitt eller anna nokon har kasta frå seg. Så er han der att, held fram samtalen medan ein halv plastdings, eit forvridd metallrøyr eller delar av ein reklameposter forsvinn ned i ei lomme.

LES OGSÅ: Kysse-forbod på skulen

Kunstnaren, mentalkuratoren og poeten Babi Badalov er fødd i Talish, eit grenseområdet mellom Aserbajdsjan og Iran, og høyrer til "fjelljødane", som bur spreidde i Kaukasus-området, for det meste i Dagestan. Etter kunstutdanning venta den Raude Armé på han, og frå han var 18 til 20 var han stasjonert nær Moskva. Det var «horrible», mange ulike nasjonalitetar var stuva saman, det var mykje slåsting og diskriminering. Folkegruppene heldt saman. Fem tsjetsjenarar var sterkare enn hundre russarar. Men ikkje eingong dei fem tsjetsjenarane kunne hamle opp med ein einaste usbekar. Kirgisarane var små, sky og følgde reglane. Aserbajdsjanarar var normale, heilt alminnelege.

Undergrunnskunst
Etterpå gjekk ferda til St. Petersburg. På den tida måtte alle registrere seg der dei budde. Det var vanskeleg. Når ein kjem frå Kaukasus, må ein bevise at ein er eit skikkeleg menneske. Han jobba mellom anna som bygningsarbeidar medan han prøvde å gjere kunsten til ein leveveg, og etter tre år fekk Badalov byborgarskap.

Økonomien var ei katastrofe, han rekna småpengar kvar dag. Den beste jobben var som nattevakt på byggeplassar, då kunne han teikne samstundes.

Babi Badalov var ein del av ei undergrunnsrørsle i Leningrad, som byen heitte på den tida. Kunstnarar og artistar, musikarar og poetar møttest i løynd og arrangerte hemmelege konsertar og utstillingar. Då han skulle opne den første offisielle utstillinga si i 1984, vart ho grundig granska av KGB. Kunstnaren krangla med dei i ei veke om kva bilete han fekk lov å henge opp. Den utstillinga vart aldri opna….

Etter 1988 letna tilhøva for undergrunnskulturen i Sovjet, året etter okkuperte kunstnarane Pushkinskaya 10, eit hus som framleis vert nytta som galleri, og er i dag eit etablert senter for motkulturell kunst og musikk i St Petersburg.

Nok USA
På nittitalet vart Babi eit kjend namn i kunstkrinsar i Russland, og saman med 17 andre kunstnarar frå det tidlegare Sovjetunionen vart han invitert til San Francisco, der han jobba, heldt utstillingar og levde livet. Seinare heldt han fram eit år i New York. Det var ei blanda erfaring. Det bur mange berømte kunstnarar i USA, men Babi tykkjer dei var dumme, kunsten seier ingenting. I Russland er det derimot få berømte, men mange intelligente kunstnarar, sarkasmen der er herleg. Det er så mange gode idear, dei har så mykje å fortelje! Russarar er dessutan sjølvkritiske, i motsetnad til amerikanar, tykkjer Babi. Etter tre år i USA klarte han ikkje skape meir.

Han registrerte at dei unge kunstnarane dopa seg mykje. Det er mykje paranoia der.

Love! I USA er kjærleik noko ein les om i bøker. Bruker du pengar på nokon du er glad i, vert du skulda for å ha mentale problem

På sett og vis likte han USA, men ikkje dei overflatiske amerikanarane. Mange av venene hans i Baku ynskjer å reise ut, men Babi meiner det er viktige ting å gjere her, å more seg er ikkje viktig når alt kjem til alt. Men kanskje må ein ut og forlyste seg før ein kan kome til den erkjenninga?

Det var godt å kome heim. Men det var rart å møte gamle vener som snakka om dei same tinga som for 30 år sida.

LES OGSÅ: Kom skeivt ut

Tvangsekteskap
Den heimkomne sonen vart møtt av ein storfamilie som hadde jobba lenge med ei viktig sak – Babi trong ei kone! Etter ei stund gav han etter for press frå familie og naboar, som tvang han til å gifte seg. Dama var sikkert grei nok, men ho kommanderte heile tida – gjer slik, ikkje gjer slik. Ekteskapet heldt i tre år.

Han trur mora forstod nok, mødrer gjer ofte det. Babi var så utruleg glad i mamma si. Han og systrene gret då ho døydde. Men han liker ikkje faren sin, ikkje brørne sine heller, forresten. Etter at han skilde seg, sette han på seg øyrering att. Den eine av dei fem brørne truga med å skjære av han øyret om han ikkje fjerna den.

Framleis har han ikkje fortalt eks-kona at han er homofil, men kanskje ho anar det. Ingen må vite, ikkje ein gong dei beste venene blant undergrunnskunstnarane i Baku.

Han har ein homofil ven som framleis er gift, han bruker bøttevis med Viagra for å klare å leve saman med kona.

Sommaren i 2005 bur han i eit toroms husværet i Baku sentrum. Det største rommet er kombinert stove og atelier, det andre er soverom med fargerike gardiner – ein bit av eit tidlegare kunstverk. Naboane lurer nok litt, kvifor har han ikkje familie. Då han flytta inn spurde dei om han ikkje hadde ei kone.

– Eg er gift med kunsten, svara han. Babi må vere varsam. Har han besøk av ei venninne, trur dei ho er prostituert, kjem ein kamerat, vert det kviskra; kanskje han er….?


Skrap blir kunst.

Økokunst
Visittkorta er laga av oppklipte reklameplakatar. Babi kjøper aldri papir, men målar og teiknar på resirkulert sovjetpapir, gamle kvitteringar, sider frå rekneskapsbøker og papir han finn rundt om. Eigentleg skulle han opne ei utstilling i Istanbul denne sommaren, men så vart han påkøyrd og heile utstillinga gjekk i vasken. Men han vil prøve å få det til seinare, når han har klart å skrape saman nok pengar. For tida plukkar han ting frå gata, som ein annan Kjartan Slettemark.

LES OGSÅ: Homoforkjempar får Raftoprisen

For Babi vert økologi vert stadig viktigare. Han gjer to gode ting på same tid når han plukkar ting – han resirkulerer skrap, i tillegg til å halde gatene reine. Det er litt pinleg, han tør ikkje alltid å bøye seg ned og plukke opp ting midt på dagen. Då sparkar han det under noko, gøymer det og prøver å finne det att om kvelden når det er mørkt. Nett som homofilien. Men det er ikkje alltid han finn det att. Han smiler av seg sjølv.

For det meste er han alvorleg.


Einsemda
Eit anna økoprosjekt som opptek den allsidige artisten i 2005 er å sy skjørt av gamle filler og sundrivne klede. Med nål og tråd sit han krumbøygd over lappane med fargerike stoff medan A-ha dundrar frå høgtalarane. Berre det at ein mann syr er dristig i eit av dei mest homofobe landa i verda. Det er ikkje forbode å vere homofil i Aserbajdsjan, men du vert skambanka, du mister alle venene dine – anten fordi dei er redde deg, eller fordi dei ikkje tør å bli sett saman med deg og bli banka opp i same slengen, dei og.

– Men det er verre i Iran, trøystar han seg med. Iranske homsar tør ikkje ein gong legge ut bilete og namn på Internett, stakkars folk! Det er ille nok her. Men i går kveld møtte han ein kar på byen, han er veldig usikker…. Han skulle ringe, sa han. Babi er så spent, men mobilen er taus. Babi er rastlaus. Han har ikkje hatt kjærast sia han kom attende til Baku. Han må ut og lufte seg snart.

Eitt år seinare slår han ut vengene og flyg til Paris.

LES OGSÅ: La Norvège, douze points!

Gjennom kunsten sin vil han vise kva Aserbajdsjan verkeleg er; ein grufull stad. Sjølv har han mista alt der, huset, hagen, familien. Han har vorte ein nomade, kanskje vil han aldri kjenne seg heime nokon stad. Men i Paris kjenner han seg i det minste fri.

Han trur det kanskje har vore ei ørlita betring i sjølve Baku sia han reiste i 2006. Men elles i landet vert det berre verre og verre å vere homofil.

Og nei, Babi Badalov skal ikkje til European Song Contest i Baku, definitivt ikkje.

Frå hamna i Baku.