Bilturen snudde om på livet

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Å ta sjølv ein liten sjanse, kan få utruleg store konsekvensar, seier Robert Skogvold.

Det veit han alt om. Ein aprilkveld i 2011 skulle han ein kjapp tur til Leirvik. Farta var litt for stor, og ferda enda i skogen på Heiane.

Robert var passasjer, og berga så vidt livet.

I går, på trafikkdagen, snakka han framfor 900 elevar frå vidaregåande skular i Sunnhordland om korleis livet kan snu dramatisk i løpet av sekund.

Her kan du sjå video frå trafikkdagen!

Les òg: Flest drepne av høg fart og førarfeil

Fisking og snowboard
Før ulukka var Robert Skogvold ein aktiv ung mann, med jobb i Sunnhordland kraftlag og mange interesser.

Han levde livet med fisking, snowboard, skateboard og mekking på bil. No sit han i rullestol, lam frå brystet og ned. Armane fungerer, men berre så vidt.

Livet i rullestol
Han kjenner litt i høgre stortå og i høgre okle. Oppover armane kjennest det ut som nokon har hatt ein brennmanet eller brennesle.

LES OGSÅ: – Avgrens fridomen til unge sjåførar

– Korleis er det å sitja i rullestol? Jo, det er eit fantastisk hjelpemiddel. Men det er tungt. Eg har nedsett styrke og lungefunksjon, og lågt blodtrykk. Ein liten oppoverbakke, og det startar å svimla for meg. Og sidan eg ikkje kan gripa skikkeleg med nevane, så er det vanskeleg å bremsa og å bruka han i regnvêr, forklarar 22-åringen, som no har flytta heim til foreldra som har tilrettelagt huset.

Les saka i Sunnhordland!