Trur på ord framfor maktbruk

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Han er ein av dei mange som overlevde terroråtaket på Utøya, ein av dei som saknar mange av dei som ikkje var så heldige som han.

Svein Gustaf Martinsen, 26 år og frå Skien, har vore medlem i AUF sidan 2001. Sommaren 2011 var han ein av arbeidsgjengen på Utøya og 22. juli venta han på vaktskifte. Han skulle på dansekurs.

– Eg jobba med parkering og innsjekking. Då båten kom inn, var ikkje avløysaren min der. Det var så mange som reiste heim på grunn av regnvêret, så han hadde ikkje fått plass.

Martinsen skulle vore med same ferja som Anders Behring Breivik reiste med. Både Martinsen og, skulle det vise seg, avløysaren hans overlevde.

Svein Gustaf Martinsen kom seg raskt tilbake til ein kvardag.

– Det var godt å kome heim til mamma, trygt, men det var viktig for meg å kome i arbeid, og den politiske aktiviteten har vore viktig. Når det hadde skjedd noko så viktig mot vår ideologi, vårt samfunn, stoppar ikkje kampen vår, seier han etter appellen.

Provosert av media
Martinsen kjenner seg provosert av mediedekkinga av rettssaka.

– Ja. Og det er mykje av det som ikkje står om av det som skjer i rettssaka. Eg har følgt litt med på storskjerm i Skien, og får litt kjensla av at dei store avisene vinklar stoffet berre for å selje meir. Til dømes det dei skriv om smilet hans, at det smilet tyder at han er lunefull. Men det han har gjort er menneskeleg, vi har det i oss, alle, om vi hadde vore like «skeivdyrka». Og det skremmer oss at det går an å bli sånn.

– Meiner du at rettssaka burde vore sendt på TV?

– Nei, det er positivt for mange at ho ikkje blir TV-overført. Då trur eg vi kunne blitt sittande framfor fjernsynet. Slik det er no, tek vi pause. Eg for min del vil ikkje sjå alt. Eg veit det eg trenger å vite. Og det er mange som ikkje bør utsettast for dette enno, barn til dømes, meiner Martinsen.

– Kan du skjønne dei som seier at dei er lei av heile saka?

– Ja, eg kan til og med vere litt einig med dei, og trur det skuldast at mykje av det same går om att og om att i media. Men saka er ikkje ferdig enno, og vi treng at mest mogleg kjem fram i lyset.

Cappelen Damm måtte nyleg trekke boka til Adrian Pracon om hans opplevingar på Utøya, fordi familien til Eivind Hovden frå Dalen ikkje var blitt kontakta, korkje for løyve til å skrive om Eivind eller for godkjenning av det som var skrive. Då boka kom, fann familien fleire faktafeil i boka.

– Dette er ein fortvilt situasjon. Adrian har skrive ei bok fordi han ville fortelje si historie, men forlaget har ikkje gjort jobben sin. Uansett var Eivind ein fantastisk fyr. Eg blei kjend med han på Utøya. Det er ei lita øy, ein blir kjend med folk, og spesielt med dei frå ditt eige fylke. Og som ein av dei litt eldre, tar ein eit ansvar for dei yngre. Han var ein engasjert og livleg fyr. Det er trist med alle som er borte, seier Martinsen.

Les òg: Kva skal ein seie om rettsaka?

Må våge å lyde
Diskusjonane går høgt kring rettssaka etter marerittet mange opplevde 22. juli 2011. Skal Behring Breivik få ein talarstol, eller skal vi tie han i hel? Svein Gustaf Martinsen meiner at rettssaka må vere open.

– Vi må våge å sjå kva for tankar og meiningar han har, og kva det har ført til. Så må vi sjå på tankane og meiningane til fleirtalet, sjå kva samfunnet ønskjer. Vi har gitt uttrykk for det i ettertid med rosetog og samlingar som peikar i ei anna retning enn den han vil.

– Men på det individuelle plan? I kvardagen, korleis kan vi møte slike tankar då?

– Det er viktig å våge å høyre båe sidene av ei sak, uansett kor «ville» versjonane kan vere. Dette gjeld også på jobb og blant vener. Høyrer du berre ei side av saka, kan meiningane dine bli danna på feil grunnlag.

– Korleis skal ein motstå meiningar som har vakse fram av frykt, ekstreme meiningar?

– Ein må lyde til den andre sida, og klare å skilje. Ikkje vere redd for det den andre seier, men skilje mellom rett og galt. Folk er påverkelege, avhengig av kva saka gjeld. Anders Behring Breivik snakkar, eg høyrer kva han seier, men det får ikkje meg til å skifte meining. Eg har vakse opp i eit multikulturelt samfunn, eg har vener frå heile verda. Eg trur på ord framfor maktutøving. Tale, ikkje krig, seier Martinsen.

Les òg: – Eg har fleire meiningar enn før

LES SAKA I VTB.NO!