– Du kan klara det du vil

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Symjaren Hans Ole Angell Bergh frå Stord møtte OL-medaljevinnaren i regi av MOT, ein organisasjon som jobbar for og med ungdommar.

– Den ultimate MOT-ambassadør er død, seier MOTs president, Atle Vårvik, i ei pressemelding.

Under overskrifta «Alexander gjorde en forskjell…», fortel Vårvik om møtet mellom 14-åringen frå Stord og Dale Oen i juni i fjor. Stordabuen, med ei mor som var kreftsjuk og låg for døden, hadde lenge drøymt om å treffa Alexander Dale Oen.

Det fekk han.

– At han sa at eg kunne nå veldig langt, betydde veldig mykje for meg, seier Hans Ole (14) til bt.no om møtet med Alexander Dale Oen.

I dag sym 14-åringen dei same øvingane som Dale Oen gjorde. Møtet med idolet i juni 2011 inneheldt også ei treningsøkt – i tillegg til eit lite kappløp. Hans Ole fekk eit forsprang på 15 sekund på 50 meter bryst.

– Eg slo han akkurat. Men om han ga full gass, det veit eg ikkje, seier 14-åringen til bt.no.

Hans Ole blei fan av Dale Oen etter sølv-medaljen i Beijing-OL.

– Du kan klara det du vil
Hans Ole Angell Bergh seier til bt.no at han har som mål å bli toppsymjar. Han fekk blant anna høyra Dale Oen fortelja om då han sjølv som 14-åring sa til ein journalist at målet var Olympiske leikar ein gong i framtida.

Journalisten skal då ha ledd og sagt at det var eit urealistisk mål, men det gjorde Alexander berre sterkare.

LES OGSÅ: Ute for å gleda deg

Ifølge MOT fortalte Dale Oen også denne historia til Hans Ole Angell Bergh:

– Det var ein gjeng med froskeungar som arrangerte konkurranse om å nå toppen på eit tårn. Tilskodarane ropte igjen og igjen: «Det er altfor krevjande.» Ein etter ein begynte froskeungane å avbryte konkurransen. Til slutt var det berre éin som fortsette – høgare og høgare. Han ville rett og slett ikkje gi opp. Han kom til toppen. Mange undra seg over at han hadde greidd det, og dei begynte å spørja korleis han hadde klart denne store prestasjonen. Det viste seg då at vinnaren var døv.

– Hans Ole, ikkje høyr på dei som vil ta frå deg draumane. Du kan klara det om du vil, sa Alexander.

Ein fantastisk dag
Den lokale MOT-ambassadøren som var med på møtet med Alexander Dale Oen skreiv etterpå i ei tekstmelding:

«Ein heilt FANTASTISK dag! Har ikkje ord! Hans Ole svever. Dette var UBESKRIVELIG! Dette var STORT!!! Eg må berre sei – Alexander va knallflink! Han spøkte og lo, inkluderte og hadde fullt fokus. For ein flott ambassadør!!!»

Alexander Dale Oen hadde sjølv vakse opp med MOT i lokalmiljøet i Øygarden. Han hadde nettopp spelt inn ein skulefilm som skal visast til 20.000 ungdomsskuleelevar, der han sjølv var frontprofilen.

LES OGSÅ: Unge kan ikkje symja

Ifølge MOT skulle Dale Oen denne veka senda gratulasjonshelsing til Hans Ole og gratulera han med konfirmasjonsdagen.

– Det blei inga tekstmelding. Men Hans Ole kan leva med minna om at han fekk møta ei av verdas beste idrettsutøvarar og ein av verdens flottaste personlegdomar… Tusen takk, Alexander, avluttar MOT-president Atle Vårvik pressemeldinga.