Suksess med frukost

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 

Frukost før trening gir meir opplagde spelarar. Det gir betre treningar. Betre treningar gir betre kampar. Betre kampar gir fleire poeng.

Merkar framgang
Sidan Olsson tok over Sogndal i vinter har spelarane hatt obligatorisk frukostsamling om morgonen før trening, i tillegg til lunsj etter. Fire ordensmenn har ansvaret kvar veke, og passar på at maten er klar når morgontrøytte spelarar ruslar inn dørene på Fosshaugane.

– Eg kjenner meg meir opplagd og pigg under kampane no enn tidlegare. Eg er friskare i steget, og meir klar til å yta når eg går ut på bana. Dette har gjeve oss noko ekstra, seier Flo til Sogn Avis.

Stor endring
Det er dagen derpå for snuoperasjonen mot Molde, der Flo stanga inn vinnarmålet kvarteret før slutt.

Klokka nærmar seg halv ti, og spelarane og støtteapparatet til Sogndal et frukost på Quality Hotel. Den komande veka ventar kampar mot Florø og Strømsgodset, og trenar Olsson vil kvalitetssikra at spelarane får i seg nok næring før travle dagar ventar. Endringa frå fjoråret er stor, noko Flo og resten av sogndalsspelarane set pris på.

– I fjor kunne det fort henda at eg låg i senga for lenge, og dermed droppa frukosten. Då var eg gjerne litt trøytt og slapp i det morgontreninga byrja, forklarar spissen.

– No får me tid til å fordøya maten, og er klare i det treninga byrjar. Dermed får me meir ut av økta, og kvaliteten vert betre, seier Flo, som set i gong maskineriet med fire glas mjølk, skive med skinke og majones og ein bolle havregraut kvar dag før han knyter på seg fotballskoa.

Byggjer moral
Den sosiale biten har òg stor verdi med eit slikt opplegg, meiner Flo sin lagkamerat Ørjan Hopen (20).

– Me brukar meir tid i lag sidan me et saman, og vert betre kjende med kvarandre. Det har noko å seia ute på bana, då alle køyrer full gass og kjempar for kvarandre. Dette var tydeleg mot Molde, der me viste ein enorm moral ved å snu kampen saman, seier Hopen til Sogn Avis.

LES OGSÅ: Du blir ikkje det du et

Keeper Kenneth Udjus (28) er samd:

– Det er mange nye spelarar i gruppa, då er det fint at dette er med på å sveisa oss betre saman. Kvalitetssikring av kosthald har mykje å seia, seier Udjus til Sogn Avis.

– Eliteserien er so jamn at små detaljar kan vera avgjerande. Eg meiner dette opplegget er ein medverkande del til den gode starten me har hatt på sesongen, supplerer Hopen.

Meir proft
Keepertrenar Terje Skjeldestad (34) har vore 17 sesongar i Sogndal, og meiner klubben aldri har vore flinkare på dette området enn no.

LES OGSÅ: Stortrivst på andre sida også

– Me har prøvd det i små drypp tidlegare, men det har ikkje vore sett i system slik det er i dag. Dette er ein viktig del av profesjonaliseringa av Sogndal Fotball, seier Skjeldestad til Sogn Avis.

– Utøvarar innan ski og sykkel har lenge vore gode på kosthald, og det er ikkje tvil om at fotballen har mykje å henta på dette området. Å vera meir bevisste på dette har gjeve ein utelukkande positiv effekt for oss so langt, seier han.

LES SAKA I SOGN AVIS!