– South Park er ganske skildrande

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Men han ville ha gjort det same om han fekk lov å gjere det opp att.

– Dei positive opplevingane eg hadde som medlem av scientologikyrkja vog opp for all galskapen som kom frå dei øvste nivåa, fortalde Isene i opningsinnlegget sitt på Samfundsmøtet laurdag.

Han er per dags dato ein uavhengig utøvar av scientologi, ein såkalla «freezoner», etter å ha brote med scientologikyrkja i 2009. Etter eit møte med leiaren til kyrkja, David Miscavige, vart Isene usikker på kva han hadde brukt dei siste 25 åra av livet sitt på.

– Dei ville at eg skulle bli leiar av scientologikyrkja i Oslo, utan å ane kven eg var, eller noko om den dåverande leiaren. Det kjem mykje rart frå toppen, seier Isene med eit smil.

Kveldskurs i sjelevandring
– Scientologi er ein terapireligion, med reinkarnasjon, sjølvhjelp og frigjering av sjela som sentrale element, sa religionsprofessor Asbjørn Dyrendal, som var det akademiske alibiet til Samfundsmøtet.

Sjela, eller thetanen, kan først og fremst frigjerast ved såkalla «auditering». Dette hender gjennom kurs regissert av scientologikyrkja. Etterkvart som ein stig i gradane får ein tilgjenge på meir av den mytiske læra til kyrkja, men kursavgifta blir òg dyrare og dyrare jo høgare ein kjem.

Noko av kritikken retta mot scientologi har nettopp dreidd seg om businessprofilen til kyrkja.

– Men business og religion er i mine augo slett inga motsetnad, seier Dyrendal.

Mista venene
Meir oppsiktsvekkjande er derimot handsaminga av utbrytarar scientologikyrkja har.

– Etter at eg braut med kyrkja mista eg òg mange av dei næraste venene mine, seier Isene, som etter 25 år var på eit av dei aller øvste «thetan-nivåa».

Som ein «suppressive person» vart andre scientologar nekta å snakke med Isene. Til og med borna hans vart ein del av vendettaen som fann stad. Og sjølv om han tvilar på at den norske scientologikyrkja driv med overvaking, meiner han at dei held eit auge med han likevel.

– Alt eg seier her i kveld, blir rapportert direkte til toppscientologane i USA. Om det finst nokre scientologar her på Samfundet då, seier Isene.

Asbjørn Dyrendal peikar på at slik handsaming ikkje er uvanleg praksis i svært lukka organisasjonar.

– Slik utstøyting finst ofte i tette politiske eller religiøse miljø. Det er ikkje eksklusivt for scientologikyrkja, som er ei ganske alminneleg alternativrørsle, seier han.

Nedadgåande popularitet
Scientologien har hevda å vere den raskast vaksande religionen i verda. Dette er den største løgna i verda, meiner Isene sjølv.

– Det er ein svært liten religion, og han krympar raskt. Aktive medlemmer, som deltek på møta og er gode scientologar, kan kanskje skryte på seg rundt 45.000 medlemmar. Det offisielle talet på 12 millionar er rein løgn, seier han.

Isene er enno positiv til innhaldet i scientologi. Han har gjennom auditeringa fått eit meir positivt syn på livet, men i motsetnad til andre har han aldri lete seg styre fullt ut av læra til scientologien.

På spørsmål frå salen om han har sett South Park-satiren over religionen er svaret difor litt uventa.

– Det finst absurditetar i alle religionar, òg i den kristne bibelen. Men South Park-episoden er eigentleg ganske skildrande for kva scientologar trur på.

Les saka i Under Dusken!