Salka gjer noko heilt annleis

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 

Under tretti personar skal konfirmere seg holistisk i år.

Sidan 2006 har Holistisk Forbund arrangert konfirmasjonar. I år skal kring tretti ungdomar konfirmerast holistisk. Det skjer i Stavanger og Oslo.

Forbundet er ein livssynsorganisasjon. Holisme tydar heilskap og er for dei som søkjer kunnskap og refleksjon kring åndelege spørsmål, utan å vere bunden av læresetningar og tradisjonelle trusretningar.

Salka Horstmann (14) frå Lillehammer reiser til Oslo ein gong i veka for å delta på konfirmasjonsundervisning.

Jostein Odland er konfirmasjonskoordinator i Holistisk Forbund og fortel kva som kjenneteikne holistisk konfirmasjon.

– Min hovudmotivasjon er å lære konfirmantane skilnaden på uttrykka ”sånn er det” og ”sånn kan det vere”. Det siste opne opp for undring og eige engasjement, seier Odland.

Salka las om Holistisk konfirmasjon i avisa og synst det høyrtest interessant ut. Ho gjekk ho inn på nettet og fann meir informasjon. No ynskjer ho å spreie bodskapen til andre.

– Mange på skulen er nysgjerrige og spør meg kva det går ut på. Dei har ikkje høyrt om det tidlegare.

– Kvifor konfirmerer du deg?

– Eg er ikkje kristen og eg hadde heller ikkje lyst til å konfirmere meg borgarleg.

– Kvifor holistisk?

– Då eg fekk høyre om det, fekk eg lyst til å gjere det. Det er ein annan tankegang. Holistisk tydar heilskap. Vi diskuterer om jorda og menneske, eg har lært veldig mykje av det. Eg har òg lært mykje om meg sjølv.

– Korleis har vener og familie påverka deg?

– Foreldra mine har konfirmert seg borgarleg. Mange vener og mange i klassen konfirmerer seg i kyrkja. Mange på skulen var nysgjerrige på kva holistisk konfirmasjon var. Foreldra mine synst det var veldig bra at eg valte det. Dei synst det verka interessant.

– Kva synast du om konfirmantundervisninga?

– Eg dreg til Oslo og der snakkar vi om forskjellige tema, som venskap, miljø og rus. Det kjem folk som held føredrag. I mai skal vi dra på hyttetur. Det kjem til å verte veldig gøy. Vi er 13 konfirmantar i Oslo.

– Kva er det viktigaste du har lært?

– Eg har lært kor viktig det er at ein kan tenkje sjølv og ha si eige meining. Å lære å sjå ting frå ulike vinklar, og sjå på heilskapen i ting, i staden for små detaljar. Eg har òg lært om alternativ medisin, draumetyding, vitskap og åndelege opplevingar.

– Kva slags forventningar har du til konfirmasjonsdagen?

– Sjølve seremonien skal vere 26. mai. Førebels veit eg ikkje heilt kva som skal skje der. Eg håpar at det vert moro og hyggeleg, slik det har vore til no. Og at ein alltid kjem til å hugse det, som eit godt minne.

LES OGSÅ: Fleire enn åtte av ti konfirmerer seg

– Kvifor trur du konfirmasjon står så sterkt i Noreg?

– På ein måte så vert ein vaksen og det er ein fin måte å lære på og ein lagar seg eit minne for livet. I tillegg er det nok ein del som gjer det på grunn av tradisjon.

– Kva ynskjer du deg?

– Eg har ikkje eigentleg nokre ynskjer. Eg likar å verte overraska.

– Korleis er det å syne at ein er religiøs/livssyn?

– Eg står for meininga mi og er glad eg valte å ta holistisk konfirmasjon. Eg synest det burde verte tilbod om holistisk konfirmasjon fleire stader, som til dømes her på Lillehammer.

– Kva betyr livssynet ditt for deg no og kva trur det vil bety framover?

– Det betyr ein stor del for meg no, og det vil bety noko seinare òg. For meg er det viktig at ein vel å tru på noko.

LES OGSÅ: Så mykje får konfirmantane