Musikal om svartedauden

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ein nyskriven musikal om svartedauden kjem til hovudstaden og Det Norske Teatret, med premiere onsdag 2. mai.

Stykket, som er eit gjestespel frå StatsTeatret, heiter «1349 Pesten».

Her bli publikum tatt med tilbake til 1349 – og til eit djupdykk i ein av dei verste pandemiane verda har sett.

Vi møter kroverten Svein og dei tre svært ulike sønene hans, som alle strever med å få endene til å møtes.

Til denne trøstesløyse staden kjem ein dag ein framand med spanande krydder i kofferten sin. Livet til kroverten blir snudd frå nederlag til suksess. Men kva flyktar den framande frå?

På scenen står Marit A. Andreassen, Gard B. Eidsvold, Cato Skimten Storengen og Kim Sørensen. (©NPK)

Faktaboks

Svartedauden er ei nemning på ein pestsjukdom som herja i Europa i tida frå 1347 til 1351. I 1349 kom eit handelsskip til Bjørgvin med pesten, og sjukdommen spreidde seg utover landet. Nær halvparten av befolkninga døydde.

Les meir på Wikipedia!