Og det utan at dei er særleg religiøse, seier religionsforskar.

Kristine Askvik
Kristine Askvik

No er det like før flagget bleir heist for ein konfirmant nær deg. Mai er framleis den største konfirmasjonsmånaden, sjølv om ein del konfirmasjonar òg er flytta til hausten.

Konfirmasjon kjem av det latinske ordet ”confirmare” som tydar å bekrefte og bestyrke. Konfirmasjon vart innført som eit ritual allereie under reformasjonen. Frå 1736 til 1912 var konfirmasjon påbode ved lov i Noreg.

Då handla det konfirmasjon berre om religion.

Det gjer det ikkje no, ifølge religionsforskar Marie Von der Lippe. Ho arbeidar ved Universitetet i Stavanger og Universitetet i Hamburg.

I ei stor undersøking blant norske 14-16-åringar spurte ho om årsaka til kvifor dei skulle, eller ikkje skulle, konfirmere seg.

– Det handlar ikkje så mykje om tru, men kva dei andre gjer, tradisjon i familien, og dei ynskjer seg festen og gåvene. Men klart, det er dei som trur òg, seier von der Lippe.

LES OGSÅ: Flest vel humanetisk i aust

Låg interesse
44 prosent av dei spurte i undersøkinga svarer at religion er "absolutt ikkje viktig". 

Von der Lippe meiner dette er eit teikn på korleis samfunnet er i dag, at det er liten interesse for å prate om eller å vere oppteken av religion.

– Men sjølv om ein ikkje trur, har mange refleksjonar rundt liv og død.

Vi møter ungdom som har eit reflektert forhold til livet og meininga med livet, seier von der Lippe.

83 prosent av ungdomane i Noreg konfirmerte seg i 2010, syner tal frå Stiftelsen Kirkeforskning (KIFO). 65 prosent i statskyrkja, 15 prosent i Human-Etisk Forbund (..) og kring tre prosent i andre livssyns – og kyrkjesamfunn som den katolske kyrkja, Frelsesarmeen og frikyrkjer.   

Humanistiske konfirmasjonar, det som tidlegare vart kalla borgerleg konfirmasjon, har vore stabilt på 15 prosent dei siste åra. Konfirmasjon i statskyrkja har gått frå 70 prosent til 65 prosent.

Av dei som er døypte, valde 83,7 prosent å konfirmere seg i 2010. Ti år tidlegare var talet 90 prosent.

– Konfirmasjon står framleis svært sterkt i Noreg. Men det skuldast ikkje at ungdom er meir religiøse no enn før, seier von der Lippe.

Ho meiner det er viktig poeng for den høge oppslutnaden at kyrkja som regel finst i ungdomane sitt nærmiljø og at dei går til konfirmasjonsførebuing med folk dei kjenner frå før

Har fleire val
Forsking gjennomført av KIFO tydar på at fleire konfirmasjonsalternativ gjer at fleire vel å konfirmere seg, i tillegg til folkekyrkja si påverknad gjennom tiår.

– Ei av årsakene til at konfirmasjon står så sterkt i Noreg, er at vi har hatt ei folkekyrkje som har prega norsk kultur i stor grad. Vår konfirmasjon var lenge lovpålagt. Då dette enda, haldt konfirmasjon fram med å vere eit ungdomsritual. Etter kvart har andre kyrkjesamfunn og andre livssynssamfunn innført konfirmasjon. Det har vore med på å oppretthalde konfirmasjonstradisjon, trass i kva for kyrkjesamfunn ein tilhøyrer, seier forskar Ida Marie Høeg. 

Val gjer at det vert meir interessant å konfirmere seg.

– Det opprettheld og vitaliserar konfirmasjonen. Ungdom oppfattar at dei vel mellom ulike konfirmasjonar. Dei tek eit aktivt val i høve til kva dei skal knytte seg til, seier Høeg.

Nedgang, men nøgd
Den norske kyrkja er nøgd med at 83 prosent av dei døypte vel å konfirmere seg.

– Det har vore ei bevisst satsing både når det gjeld kvalitet og informasjonsarbeid. Det kan nok òg ha samanheng med at oppslutninga framleis er stor. Kyrkja prioriterer mykje ressursar på å jobbe med konfirmantar, seier Kristine Aksøy, seksjonsleiar for barn, unge og trusopplæring i Den norske kyrkje.

I 2007-2008 gjennomførte KIFO ei undersøking blant konfirmantane i statskyrkja – om deira tru. Ved byrjinga av konfirmasjonstida svara halvparten at dei ikkje visste kva den kristne tru gjekk ut på. Ved slutten av konfirmasjonstida sa seks av ti at dei visste kva den kristne tru var.

Trua på Gud aukar
Før konfirmasjonstida svara 45 prosent at dei trudde på gud. Etter fullført konfirmasjonsundervisning, var talet auka til 57 prosent. Ei ny undersøking vil verte lagt fram i 2013.

– Kva tenkjer kyrkja om at nær halvparten av dei unge seier dei ikkje bryr seg om religion, men vel å konfirmere seg likevel?

– Det ein praktisk erfarer er at ungdomane deltek aktivt når det er til stades under konfirmantundervisning. Det at konfirmantar deltek med ulik oppfatning/haldning om tru, bidreg til å skape eit stor mangfald. Det skal vere ei tid der dei unge får eit grunnlag for å gjere val, seier Aksøy.

I den neste veka vil Framtida.no følgja fleire ungdommar som blir konfirmert. Følg med her!


Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.36

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE