Kva stemte Siv Jensen?

Ny organisasjon vil gjera det lettare å følgja med på om politikarane held ord.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Stortinget bestemmer over sjukehuskøar, skulepolitikk og asylsaker. Dei bestemmer lovene våre og kor mykje pengar staten skal bruka. Men veit du kva stortingsrepresentantane faktisk har stemt i Stortingssalen? Til no har dette ikkje vore lett å finna ut av.

Organisasjonen Holder de ord vil gjera noko med dette.

– Me ønskjer å gjera det lettare å følgja med på kva politikarane stemmer, seier Daniel Rees som saman med Tiina Ruohonen er ein av initiativtakarane til organisasjonen.

– Demokrati handlar ikkje lenger berre om val kvart fjerde år. Den australske statsvitaren John Keane meiner verda utviklar seg i retning av ein ny og meir avansert form for folkestyre, såkalla undersøkande og kontrollerande demokrati, som i tillegg til stortingsval blir kjenneteikna av eit mykje breiare og omfattande nettverk av folkeleg merksemd og kontroll med makthavarane, seier Ruohonen og held fram:

– Me er overtydd om at borgarar som engasjerer seg gjennom ulike nettverk og kanalar gjer at dei folkevalde tar betre og meir velinformerte avgjersler på vegne av oss. Ein viktig føresetnad er at det er lett for alle å følgja med på kva som skjer i hjarta av politikken.

LES OGSÅ: Naboar opne for diktatur

Holder de ord er inspirert av liknande organisasjonar i utlandet, som til dømes britiske TheyWorkForYou.com.

Går etter løftene
I løpet av eit år handsamar Stortinget hundrevis av saker og svære mengder sakspapir. Ei utfordring er å ordna sakene etter tema, slik at det er lettare å sjå kva partia har lova og kva dei faktisk har stemt.

I løpet av mai har organisasjonen mål om å ha gått gjennom alle partiprogramma og lagt desse inn ei eigen database for løfta til partia.

– Eg håpar det blir ei kjelde som fleire vil bruka, seier Daniel Rees til Framtida.no.

Tidlegare denne veka presenterte han ein betaversjon av nettsidene deira på konferansen GoOpen i Oslo.

LES OGSÅ: Utvida demokrati gav auka valdeltaking

Opnar opp
Når Stortinget opnar etter sommaren håpar organisasjonen å ha klar meir ferdige nettsider som gjer det endå lettare å sjå om representantane held det dei lovar.

Torsdag denne veka opnar òg Stortinget tilgang for alle til kva stortingspresentantane har stemt.

Her kan du sjå kva Siv Jensen (Frp) stemte i 2011 og så langt i år!

Og her ser du kva Helga Pedersen (Ap) har stemt!