– Ekspertveldet er eit demokratisk problem

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Ekspertveldet er eit problem

Det er lunsjpause i hallen utanfor sal 250 i Oslo tinghus. Framfor ein vrimmel av mikrofonar, kamera og presseblokker står redaktørar, psykologar, forfattarar, historikarar og juristar, klare til å meine, tru og synse om vår tids største brotsverk. Om rettsoppgjeret skulle vere arenaen hans for propagandaspreiing, skal bodskapen først trenge gjennom eit finmaska nett av slike meiningsbærarar, med all den autoriteten dei utstrålar.

– At eg sit der inne og kommenterer er eit forsøk på å hjelpe folk å skjøne kva som er relevant og vesentleg – og kva som ikkje er det, seier Kjetil Stormark.

Forfattaren og journalisten Stormark har nett kome ut av TV 2s livestudio. I eit fullstappa sendeskjema er det han som smett inn når behovet for analysar, oversyn og variasjon meldar seg.

Utropa til ekspert
Noko viktig har hend med eksperten. Ei hending som opptek oss alle i så stor grad har sprengd alle rammer, både når det gjeld kva ein ekspert er og kva han eller ho eigentleg kan forklare. TV 2 har utropa Stormark til 22. juli-ekspert, ein tittel som i Stormarks tilfelle heng på gravearbeidet han gjorde i samband med boka «Då terroren ramma Noreg».

Han hadde kanskje ikkje fått stolen i studio for nokre år sidan.

– Her sit eg, som berre har ex.phil. Likevel meiner eg at eg har eit vel så godt faktagrunnlag for å uttala meg. Akademikarar med formell kunnskap er ofte elendige på kommunikasjon, seier Stormark.

For Stormark er det viktig å kjenne eigne grenser for kva han kan meine noko om. Difor held han seg til dømes unna personkarakteristikkar av Breivik.

Sjølv om det er fleire ekspertar enn nokon gong, blir ikkje svara sikrare.

Les òg: – Til kamp mot ekspertveldet

– Ikkje plass til lekfolk
«Ekspertgjering av samfunnet», kallar Håkon Lorentzen det.

Lorentzen, som er forskar ved Institutt for samfunnsforsking, meiner rommet er vorte mindre for dei uskolerte meiningsytrarane. Kven i det norske folka tør meine noko om Breivik når media er stappfulle av ekspertar som veit meir?

– På pulten til Knut Olav Åmås i Aftenposten ligg meterhøge bunkar av innlegg frå fagfolk og forskarar. Ein tilfeldig synsar frå Lillestrøm har ikkje sjangs. Han får kanskje eit innlegg på lesarsidene i ei lokalavis, men i riksmedia slepp han ikkje til, seier Lorentzen.

Samfunnet blir avdemokratisert ved at ein folkeleg uttrykkskanal er tetta att, meiner Lorentzen. Avstanden aukar mellom folkemeininga og det alle rikssynsarane i Oslo-media tenkjer.

Tabloide vinklinger
Den danske maktutreiinga frå 2004 åtvara allereie då mot ekspertar som blir gjeve ei større rolle enn dei fortener. Rapporten viste ein tydeleg trend: Nytta av ekspertar har vakse markant. Ekspertane uttalar seg som vanlege borgarar, men blir gjeve ei form for vitskapleg autoritet, åtvara rapportforfattarane.

Utfordringane er ikkje utan vidare enkle å identifisere. Kvaliteten på det offentlege ordskiftet blir heva. Løgner og spel blir avslørt. Men byr det ikkje på ein del problem at skiljet mellom allmenn kunnskap, politikk og vitskap blir viska ut?

– Jo, seier Harald Hornmoen, førsteamanuensis i journalistikk og mediefag.

– Viss journalistar får tak i ekspertar som fungerer godt dramaturgisk, blir dei gjerne brukt for alt dei er verd. Ofte går dei altfor langt i å synse om tema dei ikkje har spesialkompetanse på. Ikkje minst handlar det ofte om tabloide vinklingar, der ekspertane sine uttalar blir bombastiske meiningsytringar. Naudsynte uttrykk for usikkerheit kan ofte forsvinne når ekspertisen må tilpasse seg medieformatet, seier han.

Difor meiner Hornmoen at den rollen som «hjelpar», som Stormark og fleire titals andre ekspertar spelar, er noko vi er tvinga til å reflektere over.

– Det er noko paternalistisk over ekspertrollen. I den tradisjonelle forma si blir publikum sjølv kraftig undervurdert.

Les òg: – Ekspertar er rørebukkar

– Objektiv faktum ein illusjon
Elfenbeinstårnet vart det kalla, den trygge internsfæren der forskarane heldt seg for gode til å opptre i medium og offentlege forum. Først frå 60-talet av fekk ekspertar frå naturvitskaplege og tekniske fag – den harde vitskapen – ei meir framtredande rolle i media, og på 70-talet dominerte helseekspertane. Frå 90-talet, og i endå større grad frå 2000-talet, har samfunnsvitarane og humanistar innteke arenaen for fagleg kvalifiserte ytringar.

Medan forskarane tidlegare primært snakka om den forskinga dei og andre produserte, blir dei i dag gjeve rolla som kommentatorar og spesialistar ved ulike samfunnshendingar og politiske dragkampar. Sosiale, økonomiske, politiske, tekniske og helsemessige problem blir ekspertleggjorde, eller – som nokre vil peike på – vitskapleggjorde.

Magne Lindholm, høgskulelektor i journalistikk, meiner at alle intellektuelle som har relevant innsikt, har eit ansvar for å kommentere og vurdere ting som har med fagfelta deira å gjere.

– Det er ein del av universitetet sitt samfunnsoppdrag å ta del i ein opplyst allmennte, seier han.

– Men mange gløymer at vitskapleg ekspertise er diskusjon, ikkje absolutte sanningar. At det er objektive faktum dei kjem med, er ein illusjon. All samfunnsvitskap handlar om skjønnsmessige vurderingar. Det spørst om journalistar eigentleg skjøner det, seier Lindholm.

Fryktar teknokrati
Viktige hendingar og samfunnsspørsmål som rører heile folkesetnaden blir overlete til eit fåtal å vurdere, medan dei øvrige blir gjeve inntrykk av at dei ikkje har kvalifiserte haldningar til å ta del i debatten.
Pressen spelar ei avgjerande rolle i å fremje den offentlege samtalen – ein vital del av eit demokrati. Om denne berre blir ført av ekspertar, politikarar og mediefolk, er det ikkje lengre snakk om fri flyt av borgarane sine ytringar.

Dei problema vanlege menneske støyter på i sin kvardag kan neppe bli gjeve svar av fagleg innsikt åleine.

– Der ekspertisen er oppteke av statistiske metodar og sannsynlegheit, er vanlege folk meir oppteke av moral, etikk og konsekvensar for seg og sine. Det er viktig å gje plass til erfaringsbasert kunnskap ved sida av den fagbaserte i 22/7-rettsaka, seier Hornmoen.

– Det perspektivet syner seg særleg viktig når så mange menneske er påverka som no.

Les saka i Universitas (på bokmål)!