Kunnskapsdepartementet har lagt fram eit lovforslag som reduserer studentane si makt i studentsamskipnaden.

Eline Kirkebø/Studvest
Eline Kirkebø/Studvest

Fredag la Kunnskapsdepartementet fram eit lovendringsforslag for studentsamskipnadane i Noreg. Denne går ut på at ein må ha to tredejedels fleirtal for å fatte vedtak i enkelte saker i samskipnadane, framfor reint fleirtal slik det er no.

Halvparten av medlemmene i styret i Studentsamskipnaden i Bergen (SiB) er studentar. Studentane kan slik få fleirtal og vedta saker dei er samde i, uavhengig av administasjonen. Med lovendringsforslaget vil dette ikkje lenger vere muleg.

Audun Kjørstad, leiar i Velferdstinget (VT) synest forslaget er vanvittig.

– Heile prinsippet med ein studentsamskipnad er at den skal vere nettopp det. Ein studentsamskipnad, seier han.

Kjørstad meiner lovforslaget er ein trussel mot studentdemokratiet.

– Kva saker er ikkje viktige? Kva studentstyre har ein dersom studentane berre får bestemme i saker som ikkje er «viktige»? spør han.

Egil T. Pedersen, administrerande direktør i Studentsamskipnaden i Bergen (SiB), meiner lovendringa vil føre til at studentane si innflyting over styringa av SiB vert svekka.

Les saka i Studvest!

– Brukarstyring har langt tradisjon i studentsamskipnadene, og i SiB har vi hatt meget god erfaring med det.

Pedersen meiner det ikkje er grunn til å ta frå studentane ansvar.

–Studentane er ansvarlege i si styring av verksemda. Gjennom over 20 år som leiar har eg ikkje oppleve at studentane gjennom fleirtal har tvunge fram avgjersler som har vore i strid med verksemda sine interesser, slår Pedersen fast.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.35

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE