Frode har starta over 28000 artiklar

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Har starta over 28000 artiklar

Frokor er brukarnamnet hans på verdas største nettleksikon – og han er kjent blant dei fleste som bruker fritida si på å oppdatera den nynorske versjonen av dugnadsleksikonet.

– Frokor har bidrege sterkt til å få Wikipedia på nynorsk til å bli eit solid leksikon med over 80.000 artiklar og meir enn fire millionar sidevisingar i månaden, sa styreleiar i Wikimedia Norge, Jarle Vines då han delte ut prisen måndag.

Inkludert mars 2012 har Frode H. Korneliussen starta 28.369 artiklar på Nynorsk Wikipedia, nokon som er om lag ein tredjedel av dei vel 82.000 artiklane som til no er skrive her.

Til saman har det vore kring 260 bidragsytarar på nynorsk Wikipedia dei siste 30 dagane, medan bokmålsversjonen har kring 2000 skribentar.

Lærerikt og interessant
– Eg starta å skriva på Wikipedia i 2006 og byrja å skriva om meteorologi, som er mitt fagfelt i utgangspunktet. Etter kvart gjekk det over på geografiartiklar, men i dag skriv eg om alt mogeleg. Hovudsakleg er det framleis geografi, i tillegg til europeisk historie, musikk og realfag, fortel Korneliussen.

– Kvifor skriv du på Wikipedia?

– Eg skriv på Wikipedia fordi det er lærerikt og interessant. Det er kjekt å skapa noko, læra noko samtidig og samtidig bidra til at andre kan få den same informasjonen. 

LES OGSÅ: Wikipedia streikar

Varslar vêret i Kaspihavet
Frode H. Korneliussen jobbar til dagleg i Baku i Aserbajdsjan. Der jobbar han som meteorolog for StormGeo, og varslar vêr for BP sine offshoreoperasjonar i Kaspihavet.

– Det er jo kjekt at det eg gjer blir sett pris på. Det var noko overraskande og eg skulle ønskje eg kunne blitt med på Wikipedia Academy i Oslo i dag. 

Passerer 500 millionar
På Wikipedia Academy deltok blant andre grunnleggjaren av Wikipedia, Jimmy Wales. Der fortalte han at Wikipedia no i april for første gong truleg vil passera ein halv milliard brukarar i månaden.

– Eg skjøna ikkje kor stort dette skulle bli då eg starta dette for vel 11 år sidan, sa Wales til dei frammøtte måndag.

Nettleksikonet er verdas femte mest brukte nettside. På møtet deltok òg utviklingsminister Heikki Holmås og kronpris Haakon Magnus for å feira avtalen mellom Telenor og Wikipedia som vil gje alle Telenor sine 170 millionar kundar i Asia gratis tilgang til nettleksikonet.