Kjempar mot retusjert reklame

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

18-åringen blei valt til sentralstyremedlem i ungdomsorganisasjonen til Raudt i helga. Almås og Raud Ungdom vil prioritera merking av retusjert reklame i kommande periode. Ungdomspartiet krev at regjeringa handler no, står det i ei pressemelding.

– Eit stort problem
– Reklame- og klesgigantane tener millionar på jentene sin dårlege sjølvtillit. Det kan me ikkje akseptera, seier Almås.
– Éi av tre jenter seier at dei får dårlegare sjølvbilete av å sjå på reklame for mote. Dette er eit stort problem, spesielt for unge jenter, fortel Almås via pressemeldinga.

Datakonstruksjon
Raud Ungdom har dei to siste vintrane aksjonert mot julereklamen, saman med nettverket Ungdom mot retusjert reklame.
– Me har teke saka i eigne hender og merka retusjert reklame for å gjera folk bevisst på at dei venleiksidealane som folk samanliknar seg med er konstruert på ein datamaskin og ikkje eksisterer i røynda, seier den nyvalde styremedlemen.

Varslar nye aksjonar
No varslar partiet fleire aksjonar mot vårmoten. Raud Ungdom er optimistiske og forventar gjennomslag for kravet.
– Regjeringa har vedteke å greia ut ei merkeordning for retusjert reklame. Difor har me tru på at me kan pressa regjeringa til å gå steget fullt ut, meiner Almås.
Morten Haugland Almås og har mellom anna vore landsstyrerepresentant for Hordaland Raud Ungdom før.

Les òg: Vil kjempa mot vaksentyranniet