Kastar over 9 millionar bøker kvart år
Bøker blir fortare gamle enn før. Kvart år kastar norske forlag og bibliotek over ni millionar bøker.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
9 millionar bøker i boset
Til saman gjev norske forlag kvart år ut rundt 40 millionar nye bøker. Det er meir enn det butikkar og lesarar greier å få plass til i hyllene, og mange bøker får aldri ein lesar, fortel Bergens Tidende.
Små og store forlag makulerer kvart år mellom 2,5 og 3 millionar bøker. I tillegg blir det kvart år kassert rundt 6 millionar uselt kiosklitteratur og 1 million uaktuelle eller utslitne bøker frå folkebiblioteka.
Ottar Grepstad, direktør for Nynorsk kultursentrum, tidlegare forlagsredaktør i Samlaget og tidlegare medlem av Norsk kulturråd, meiner det er viktig at publikum ikkje berre har tilgang på nye bøker.
– Det offentlege bør ha ein politikk på kor lenge bøker skal vera tilgjengelege og korleis dei skal vera det, seier han. Han synest det er problematisk at private forlag skal bestemma kor lenge dei har råd til å ha ei bok liggjande.
Grepstad peikar på at kvar einaste bok i prinsippet er offentleg støtta gjennom momsfritaket, og at det er naturleg for staten å krevja noko igjen. (©NPK)