Sudan vil “frigjere” Sør-Sudan

Arnt Olav Foseide
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det som ein gong var Sudan People`s Liberation Movement, SPLM, har leia Sør-Sudan sidan det vart eit sjølvstendig land i juli 2011.

– Vi seier at det har vorte ein sjukdom, ein sjukdom for oss og for folket i Sør-Sudan. Hovudmålet må vere å frigjere landet frå desse insekta og fjerne dei for godt, om Gud vil, sa Omar al-Bashir i ein tale i hovudkvarteret til det politiske partiet sitt om konflikta.

– Anten endar vi opp i Juba og tek alt, eller dei vil ende opp her i Khartoum og ta alt.  

Full krig?
Sør-Sudan tok Heglig-oljefeltet – rett nord for Abyei som er omstridt, men som generelt er sett på som ein del av Sudan – for åtte dagar sidan. Tysdag braut det ut kampar nord for Aweil i Sør-Sudan, omlag 160 km vest for Heglig.

Ei ikkje-sudansk kjelde som deltok i grensesamtalane fortalde BBC at Sør-Sudan aldri gjorde krav på Heglig i løpet av dei åra samtalane fann stad.

Den sudanske hæren har ikkje vore i stand til å nedkjempe opprørarar I Darfur og andre delar av landet, og Heglig fall altså til Sør-Sudan.

Sør-Sudan har relativt svake hærstyrkar, og utan oljeinntekter tapar landet 98 prosent av inntektene sine.

Les òg: Oljekrig i Sudan


AU løysinga?

– Vi kan kun løyse dette gjennom samtalar med den Afrikanske Union, seier Barnaba Marial Benjamin, informasjonsminister i Sør-Sudan, til AFP.

Dette er dei verste kampane som har vore sidan Sør-Sudan vart uavhengig i fjor, men før dette var det to tiår med krig mellom regjeringshæren og SPLM.

BBC seier sivile i begge landa melder seg frivilleg til å kjempe mot fienden, men òg at andre har starta protestgrupper mot krig. Desse hevdar dårleg leiarskap har ført landa så nær full krig.
Tryggingsrådet i FN har bede om full stans i alle krigshandlingar.

Les òg: – Afrika går til helvete

Norsk utviklingsarbeid
Noreg har i lang tid hatt eit breitt humanitært engasjement i Sudan. Sidan 2005 har landa vore ein av dei største mottakerne av norsk utviklingsbistand.

Dei viktigaste kanalane for norsk bistand til Sudan har vore FN og ulike norske hjelpeorganisasjonar. Oppbygging av ein lokal Raudekross-organisasjon har òg vore sentral. I tillegg gjev Noreg fagleg bistand til Sudan gjennom Olje til Utvikling-initiativet. Noreg satsar på bistand som kan støtte opp under næringsutvikling og dessutan vidareføring av eit langsiktig akademisk samarbeid.
 

Politisk og militært engasjement
Noreg har òg eit breitt politisk engasjement i Sudan. Noreg var ein aktiv støttespelar for partane i forhandlingane som leia til signeringa av fredsavtalen i januar 2005, og hadde observatørar og ressurspersonar til stade under alle forhandlingsrundene. Noreg leia òg den internasjonale overvakingsstyrken i Nubafjella frå 2002-2005, og har sidan jobba tett med USA og Storbritannia i den såkalla Troikaen for gjennomføring av CPA, og leia AEC (Assessment and Evaluation Commission frå 2005 – 2008).

Dette engasjementet vart òg følgt opp i forhandlingane om Darfur-konflikta, som førte til fredsavtalen for dette området i april 2006 (Darfur Peace Agreement).

Innanfor tryggleikssektoren har Noreg bidrege med sanitetspersonell, stabsoffiserar og observatørar til UNMIS-styrken i Sudan, og norsk politi bidreg tenestemenn.

Kjelder: UD, Wikipedia, BBC, AFP.

Prøv vår Afrika-quiz!
 

Faktaboks

Viktigaste tvister mellom de to landa:

Storleiken på gebyret Sør-Sudan skal betale Sudan for å bruke oljerøra deira
Grensa
Begge sider krev kontroll over Abyei
Rettane til dei som no bur i eit land dei ikkje er borgarar i- det er anslått å vere 500 000 sørsudanarar i Sudan og 80.000 sudanske i Sør-Sudan.
Begge skuldar den andre for å støtte opprørsgrupper på sitt territorium