Oljekrig i Sudan

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Morten Bøås meiner det internasjonale samfunnet burde sett det kome.

– Her har du to land som var gift med kvarandre på grunn av grenser trekt opp under det britiske kolonistyret, og som har vore i meir eller mindre konflikt med kvarandre sidan landet vart sjølvstendig. Så kom Sør-Sudans sjølvstende i juli i fjor, men dette tvangsekteskapet blir ikkje løyst opp av den grunn, seier Bøås, forskingssjef ved Institutt for Anvendie Internasjonale studier AS (Fafo).

Ei heksegryte
– Heilt sidan i fjor sommar har grenseområdet mellom dei to landa, der sjølve grensa enno ikkje er juridisk definert av FN, vore ei heksegryte. Partane er konstant i tottane på kvarandre, og på toppen av det heile er det kamphandlingar internt i det politisk fragmenterte Sør-Sudan, seier Bøås.

Frå folkerøystinga i januar og fram til frigjeringa i juli, kom det stadig vekk gladmeldingar om framdrifta i forhandlingane, men Bøås meiner det internasjonale samfunnet var nøydd til å gå på ein smell.

– Diverre vart det vart valt eit løp med korte tidsfristar for å svare på ubehagelege spørsmål. Her er det snakk om klassiske suverenitetsspørsmål som vart skove ut i tid, utan å få noko skikkeleg svar. Kor går grensene? Kven er statsborgarar kor? Korleis skal ressursane fordelast?

Strategien til dei internasjonalen forhandlingspartene kan samanliknast med å køyre ein isbrytar gjennom vanskelege problemstillingar, for å nå symbolske tidsfristar. Problema forsvinn ikkje slik, seier Bøås.

Det heile førte fram til ei folkerøysting med overveldande fleirtal for lausriving for Sør-Sudan. Det nye landet har hovudsete i Juba, kor leiaren for Sør-Sudans frigjeringshær (SPLM), Salva Kiir, sit som president. Frå Khartoum, hovudstaden i Sudan, var delinga likevel aldri ettertrakta fordi landet mista tilgjenge til økonomisk verdifulle naturressursar.

Olja har skulda
– Ironien vil ha det til at oljeressursane i regionen ligg på grensa mellom dei to landa. Dei fleste oljefelta ligg i sør, medan oljerøra går gjennom nord. Kvar må Sør-Sudan vende seg for å få eksportert olja si? Sudan. Denne økonomiske logikken har til no forhindra to kamphanar i full krig. Presidentane Kiir og Bashir har så langt klart å dysse ned konfliktane ved å handtere dei personleg seg i mellom. All økonomisk fornuft fortel oss at ein fullskala krig burde unngåast.

Hendingar i førre veke snudde likevel maktforholda rundt forhandlingsbordet.

– Bevisbyrda skifta side då Sør-Sudan sende hærstyrkar over grensa mot nord. Den Afrikanske Union (AU) har gått ut og peika på Sør-Sudan som såkalla «first aggressive», noko som gjer at president Bashir ikkje lenger er hovudskuldig, seier Bøås før han utdjupar:

– Sør-Sudan har til no gjeve leiinga i nord skulda for aggresjonshandlinger, og det har i beste fall vore snakk om sudanske bomber mot mål i Sør-Sudan. Det alvorlege i den nye situasjonen er at dette er eit formelt angrep, som Sudan har svara på ved å utnemne Sør-Sudan til fiendestat, noko som hevar konfliktnivået betrakteleg, seier Bøås.

Kostbar konflikt
Noko kortsiktig løysing er i følgje Bøås vanskeleg å predikere, sidan regionen har mange konfliktlinjer som går langt attende i tid. Men at dei to landa blir knytta saman av olja, treng ikkje utelukkande å vere negativt.

– Begge partar ser at dei ikkje har råd til dette. Sør-Sudan sit ikkje med reservelager av kapital. Dei kjem rett og slett til å gå tom for pengar dersom Sudan stenger oljekranane. Kanskje kjem det eit blaff av fornuft som følgje av den økonomiske logikken som bind dei saman, seier Bøås. 

LES SAKA I UNIVERSITAS!