Kongeørn til åtak på bonde

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Merka etter ørneklørne er tydelege på kjeledressen til Pawel Blaszkiewicz. Sist torsdag vart han angripen av ei kongeørn då han skulle redda ein av sauene sine.

Opplevinga til Pawel Blaszkiewicz på Skånevikstranda høyrer til dei sjeldne. På morgonen sist torsdag var 41-åringen på veg opp i skogen på Sandvik med traktoren for å mata sauene. Då han kom opp såg han at ein av sauene var på andre sida av gjerdet, og han fekk med seg at noko skjedde.

Avbraut kampen
– Eg var 20-30 meter unna og byrja å gå mot gjerdet. Då såg eg at det var noko som bevegde seg, og då eg kom nærare, såg eg ørna som var mellom sauen og gjerdet, seier han og fortel om ein kamp som utspant seg mellom sauen og rovfuglen.

– Sauen dunka ørna mot gjerdet, før han gjekk litt til sides. Då tok ørna tak i ulla på sauen, fortel Blaszkiewicz. Han rakk ikkje å tenkja så mykje før han røska med seg ei grein, kom seg over gjerdet og nærma seg sauen og ørna som kjempa mot kvarandre. – Eg handla på instinkt, og tenkte berre på sauen, seier bonden, som ikkje var meir enn fem meter unna då ørna snudde seg og flaksa mot han.

LES OGSÅ: – Jordbruket i ferd med å kollapsa

– Ho tok tak i høgre armen min, og eg snubla og datt over ende i ein liten bekk med ørna hengande i kjeledressen. Idet eg trefte bakken kjente eg at ho sleppte taket, seier Blaszkiewicz. Då han snudde seg såg han at ørna fôr inn i skogen. Då først kjente sauebonden at han byrja å bli litt skjelven. Han bar sauen over gjerdet, men kunne ikkje sjå synlege skadar på dyret, berre ull som var rive av.

Beskytta av kjeledressen
Blaszkiewicz hadde ikkje trudd at ørna skulle snu seg mot han då han avbraut kampen, og meiner sauen og rovfuglen må ha kjempa ei stund før han greip inn.

– Luftrommet var bak meg, så ørna skulle nok koma seg opp, men eg var i vegen, og då tok ho meg i staden, seier han.

LES OGSÅ: – Kan tredobla inntekta på sau

Sjølv vart han ikkje skadd, men har ikkje så lyst til å tenkja på kva som kunne ha skjedd om han ikkje hadde hatt på seg tjukk kjeledress og arbeidshanskar.

– Kanskje prøvde ho berre å skremma meg. Klørne gjekk gjennom kjeledressen, men fordi han var så romsleg, fekk ho berre tak i stoffet, seier han, og viser fram det einaste beviset han har etter den nervepirrande hendinga – fire hol i ermet på dressen, der ørneklørne fekk tak.

Han meiner ørna ikkje kan ha vore så gammal, og anslår at lengda på vengjespennet kan ha vore på rundt 1,80 meter. At det var ei kongeørn han fekk litt for nær innpå seg, såg han både på nebbet sin fasong og på fjørdrakta.

Tenkte på sauen
Pawel Blaszkiewicz vil eigentleg ikkje ha så mykje fokus på det som skjedde, og drygde derfor også med å fortelja kona kva han hadde opplevd.

– I ettertid tenkjer eg at eg kunne ha filma sauen og ørna, men der og då tenkte eg berre på å redda sauen, seier han.

Dagen etter fann han lammet til sauen drukna eit lite stykke unna åstaden for ørneangrepet.

– Det kan ha blitt teke av ørna, men eg såg ikkje blod eller synleg skade på det, seier han, og angrar litt på at han ikkje sjekka dette meir nøye.

LES OGSÅ: Sjekk den gaupa!

Kråka tek auga
Blaszkiewicz seier at også kråka gjer skade på sauene, og fortel om ein dag i fjor då han kom ut til saueflokken og oppdaga at to av dei nyfødde lamma var utan auge.

– Kråka er kjent for å angripa og hakka ut auga på nyfødde lam, seier han, og fortel at det tidlegare har vore mykje ramn og kråke i området, men at han har sett færre av desse fuglane i år. Ørn har han derimot inntrykk av at det har blitt meir av.

– I fjor mista eg 12 lam. No kan ein jo lura på om det er ørn som har teke livet av nokre av dei.

LES SAKA I GRANNAR!