I rute før Skarverennet

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Langrenn: Den tidlege våren fekk konsekvensar for skiløyper, men skarverennstraseen har ikkje vore truga.

Alt før påske lova leiar Jarle Uthus at det vart Skarverenn. Få dagar før start er han like roleg, sjølv om det blir mykje jobbing.

– Folk legg ned ein kjempeinnsats i samband med rennet. Alt er under kontroll og i fjellet er det knallforhold, så eg søv godt om nettene, seier han.

Finpussar
Dei har køyrt på snø sidan januar og fortel at nysnøen den siste veka berre har gjort forholda betre.

No står berre den siste finpussen att før skiløparane skal ut i løypene.

– Me jobbar med målområdet i Ustaoset no, og blir ferdig med å køyre på snø der måndag kveld. Det er mange i sving og vêrmeldingane er lovande, seier Uthus.

Positivt
Også leiar i Geilo IL, Roger Espeli melder om optimisme hjå arrangøren.

– Rennet vart fullteikna rekordfort, og no blir startnummer rivne vekk på nettet, fortel han.

Over 12.000 trimmarar og 1200 konkurranseløparar legg laurdag ut på turen mot Ustaoset. Både norgeseliten og internasjonale stjerner er som vanleg meldt til start.

– Konkurranseklassen er fullteikna og dei store kanonane som Petter Northug, Dario Cologna, Therese Johaug og Marit Bjørgen kjem. Ikkje minst er det ekstra moro å sjå at dei beste her heime er påmeldt, mange av dei er unge løparar frå 15–16 år og oppover, og nyttar dette som sesongavslutning, seier Espeli.

LES SAKA I HALLINGDØLEN!