England herja av tørke

Store delar av England er råka av tørke.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tørken er den verste sidan 1976, da folk måtte stå i kø for å få vatn og lyngbrannane herja over dei britiske heiene.

Tørken truar både natur, kulturlandskap og jordbruk og kan vare året ut, i verste fall inn i neste år, fryktar britiske miljøstyresmakter. Mange stader er det innført vatningsforbod med hageslange og dei fleste stader blir folk oppmoda om å spare på vatnet.

– Det er no sannsynleg at vi står overfor ein meir langvarig tørke, som kan vare til jul og kanskje lenger, seier sjefen for vass-spørsmål i det britiske Environment Agency, Trevor Bishop, til avisa The Guardian.

Tørken kjem av at denne vinteren var den andre på rad med lite nedbør. Denne vinteren var nedbøren berre det halve av normalen. Berre ein svært våt haust og vinter kan hindre tørken i å halde fram også til neste år. (©NPK)