Bli moralsk! Ver fornuftig!

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Viljen er der. Det skal eg verkelig ha. Kvar gong eit direktorat eller eit råd lanserer ein kampanje som skal få folk til å gjere noko som er bra og sunt, då prøver eg å ta det på alvor. Ikkje fordi eg liker alt som er bra og sunt. Absolutt ikkje. Men fordi eg faktisk synest ein skal vere høflig og høyre etter når staten snakkar. Staten er tross alt oss. Og ikkje minst fordi eg har sympati med dei stakkarane som har den utakknemlige jobben å lage desse kampanjane.

For du kan ikkje vinne.

Det er inga stor sak å marknadsføre ein bil eller eit klesmerke eller ein telefon som kan gjere alt. Men prøv å marknadsføre alt som er fornuftig og som staten vil at du skal gjere. Prøv å lage ein kampanje som skal fortelje ungdommen at dei bør stemme ved val, bli avhaldsfolk, ete kortreiste grønsaker, støtte landbruksnæringa, bu i distrikts-Norge og elske nynorsk.

Du kan ikkje vinne. Uansett kva du gjer, vil nokon le eller fnyse eller kritisere. Om du prøver å vere kul, blir det komisk. Om du ikkje prøver å vere kul, blir det gammaldags. Om du prøver å vere gammaldags, blir det ironisk. Om du prøver å vere ironisk, verkar det berre som om du ikkje tek din eigen bodskap på alvor.

Dessutan: Sidan dette er offentlige kampanjar, så har alle lov til å meine noko om dei. Og nokon kjem til å meine noko om dei, som Jon Fosse aldri sa. Nokon kjem til å meine at kampanjen din er altfor moralsk, eller altfor lite moralsk, eller sløsing med skattepengar, eller flåsete, eller at slike kampanjar aldri verkar.

Og om du tyr til det gamle trikset å bruke kjende menneske i kampanjen, så er det rett og slett for lett å latterliggjere. Enkelte av oss klarer berre ikkje å la vere.

Som med Helsedirektoratets kampanje «Hvite uker» som blei lansert for nokre dagar sidan. Der nokre kjende nordmenn fortalde at dei har tenkt å ta seg to kvite veker.

Ikkje eit vondt ord om alkohol, naturligvis, men om ein legg godviljen til så kan ein vel kanskje også klare å opparbeide ein viss sympati for ein bodskap om å ha eit bevisst forhold til alkoholforbruket sitt. Og det er vel det direktoratet vil ha fram i denne kampanjen.

Og, som sagt, noko i meg har sympati med folk som har ein så umulig jobb som å lage kampanjar med bodskapar som er både kjedelige og snusfornuftige. Så eg prøvde å ta «hvite uker»-kampanjen på alvor. Etter at eg høyrde den første debatten der nokon kritiserte kampanjen, gjekk eg inn på nettsida til direktoratet. Full av godvilje. Forsåvidt. Og der såg eg at direktoratet lanserer ein app som skal fortelje deg om du drikk for mykje. Og då kjende at det begynte å gleppe. Nittitalet i meg tok overhand. Ironikaren vann. Eg lo.

Og så såg eg ei liste over nokre av dei kjende nordmennene som støttar kampanjen og har bestemt seg for å ta to kvite veker for den gode saka. Der stod helseministeren. Og Vibeke Skofterud. Og Martin Andresen. Og Christine Koht. Christine Koht fortalde i ein debatt om saka at sjølv om det kan verke som om ho alltid er full, så liker ho faktisk ikkje alkohol. Så at ho tek ei kvit veke eller to, er jo ikkje veldig imponerande. Det gjer vel omtrent like mykje inntrykk som ein biskop som står fram offentlig og kunngjer at han ikkje har tenkt å banne stygt eller begjære sin nestes asen i særlig stor grad dei neste fjorten dagane.

Og helseministeren er helseminister, så ho må jo vere med. Og idrettsfolk er idrettsfolk. Eg vil tru at to kvite veker for ein aktiv langrennsløpar vil seie å la vere å vurdere det kvarte glaset med raudvin før leggetid klokka 21.30 på frikvelden.

Ser du? Det går ikkje. Eg klarer ikkje å ta det alvorlig. Og det er ikkje bodskapen det handlar om. Det er ikkje fordi eg synest alkohol kan ha noko for seg at eg ikkje tek denne kampanjen alvorlig. Eg hadde hatt like store problem med å ta alvorlig ein kampanje for noko eg utvilsamt var 100% enig i. For eksempel at folk bør stemme. Eller høyre meir på Nik Kershaw.

Så kva skal staten gjere? La det vere, kanskje, og heller bruke pengane på ein fest for direktoratet. Men alle veit jo at det er på fest dei villaste ideane kjem. Så då risikerer vi jo berre at direktoratet kjem tilbake frå festen med ein idé til ein endå villare kampanje.

Og då er vi jo like langt. Og knapt nok det.

Denne stod først på trykk i Aftenposten 14. april.