Lir du av fobi i dag?
Nokon vil kanskje helst hoppa over dagen i dag.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Meir enn kvar tredje nordmann karakteriserer seg sjølv som overtruiske. Det er likevel ingen grunn til å frykte fredag den 13.
– Det skjer faktisk færre skader denne dagen enn kva som helt anna dag, fortel Arne Einar Brun, pressetalsmann i Tryg Forsikring.
Det er lite i statistikken som tilseier at fredag den 13. er ein spesielt uheldig dag.
– Generelt skjer det fleire trafikkuhell, reiseskader og innbrot på fredagar enn på andre dagar. Dette har lite med magi og forbannelser å gjere, men skuldast rett og slett at både trafikken og aktivitetsnivået er større på fredagar enn på andre dagar, seier Brun.
Ifølgje pressemeldinga frå Tryg er kvinner mest overtruiske, og det er folk i dei tre nordlegaste fylka som er verst.
Nokon er faktisk så redde for fredag den 13. at dei får diagnosen paraskevidekatriafobi. Det slektar tett opp til triskaidekafobi, som betyr angst for tallet 13.
Les òg: Ulukkesdagen ikkje så uheldig