– Alle har sjansen

NTNU-student og leiar for studentorganisasjonen Erasmus Student Network Norway, Iris Maria Makridis, meiner alle burde gripa sjansen til å reise på utveksling.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Makridis har ansvaret for det ESN gjer i Noreg, men jobben inneber likevel ofte ting utanfor grensene til landet vårt.

– Vi har ein del møter internasjonalt. For litt sidan var eg i Granada, og i morgon reiser eg til Sveits, seier ho.

Som leiar for ESN har ho sett seg to hovudmål.

– Mine ambisjonar går hovudsakleg ut på å opprette fleire seksjonar i Noreg, då eg veit det er fleire enn åtte byar i landet som har utvekslingsstudentar. Dessutan vil eg arbeide for å betre kommunikasjonen mellom dei allereie eksisterande seksjonane, seier Makridis.

Les òg: Valde vekk norsk utdanning

Kulturkryssing
Makridis meiner alle burde gripe sjansen til å reise på utveksling. Sjølv har ho vore på utveksling i USA.

– Ein får eit mykje meir ope syn på andre kulturar og møter nye menneske. Dessutan lærer ein masse, seier Makridis.

Les òg: Stor forskjell å læra språk i utlandet

Nett no jobbar ho spesielt med det ho seier er flaggskipsprosjektet til Erasmus, «Socialerasmus».

– Det går ut på å integrere utvekslingsstudentar i det lokale miljøet. Som ein del av dette kan ein til dømes jobbe på barneheim eller gamleheim, forteljer ho.

Prosjektet starta opp i Polen i 2008.

– Målet er å få utvekslingsstudentar til å føle at dei er nyttige for lokalsamfunnet, seier Makridis.

Les òg: Fleire vil studere utanfor Europa

Faktaboks

Erasmus Student Network Norways (ESN) er ein studentorganisasjon under utvekslings-organisasjonen Erasmus.

Hovudorganisasjonen held til i over heile 36 land, og har åtte seksjonar i Noreg. Hovudmålet deira er å leggje til rette for og bidra til å gjere utvekslingsopphalda studentar har betre.

I september vart Makridis valt som leiar for den frivillige organisasjonen.