Ny borgarleg samling

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Vi er opptatt av at staten ikkje må kvele det som er av initiativ blant gründerane, og at det må bli lettare å drive småbedrifter, sa næringspolitikar Arve Kambe frå Høgre da dei fire partia presenterte forslaga under ei samling i vandrehallen på Stortinget etter den munnlege spørjetimen onsdag.

Han la til at det hadde gått greitt å bli samde om fellesformuleringar som alle dei fire partia kan stille seg bak.

Næringspolitisk talsmann i Framstegspartiet Harald Nesvik lovde at dersom det blir eit nytt politisk fleirtal etter stortingsvalet neste år, så ligg det òg an til ein ny næringspolitikk.

Før jul la dei fire borgarlege partia dessutan fram fellesforslag knytt til helsepolitikken.

Men både Borghild Tenden i Venstre og Rigmor Andersen Eide i KrF var onsdag opptatt av at samlinga om ein felles næringspolitikk handlar om politikk, og ikkje nødvendigvis om regjeringsmakt.

– Ja, det er viktig å streke under at dette ikkje må tolkast inn i ein større samanheng, sa Andersen Eide.

Finansminister Sigbjørn Johnsen (Ap) seier at det blir interessant å sjå om dei fire borgarlege partia òg kan bli samde om dei store økonomiske spørsmåla, slik som skattepolitikken og bruken av oljepengar. (©NPK)