Det har aldri sete så mange fangar i norske fengsel som no. I første kvartal 2012 var gjennomsnittet på 3.800 fangar.

NPK-NTB
NPK-NTB

Talet har vore jamt stigande sidan 2008, og det er i hovudsak fleire utanlandske kriminelle som står for auken. Ein tredel av dei innsette er utanlandske statsborgarar, fortel NRK.

– Særleg etter at schengenområdet vart utvida i 2007, fekk vi ein svært klar auke i talet på utanlandske innsette i fengsla, særleg frå austeuropeiske land, seier forskar Ragnar Kristoffersen ved Utdanningssenteret for kriminalomsorga.

Statistikken frå Kriminalomsorga viser at det er to typar lovbrot som dominerer. Vel 30 prosent av dei innsette, da inkludert norske fangar, sit fengsla for narkotikabrotsverk, og 20 prosent for valdsbrotsverk.

Jan Bøhler (Ap), første nestleiar i justiskomiteen på Stortinget, seier at det er ønskjeleg at fleire utanlandske kriminelle skal sone i heimlandet. (©NPK)

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.35

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE