– Ikkje psykotisk

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dei rettspsykiatrisk sakkunnige, Terje Tørrisen og Agnar Aspaas, leverte rapporten sin til Oslo tingrett tysdag. Konklusjonen deira er den motsette av det som gjekk fram av den første sakkunnigerapporten. Der vart det slått fast at Breivik lir av paranoid schizofreni, og at han av den grunn er utilrekneleg.

Ifølgje den nye rapporten var Breivik verken psykotisk, medvitslaus eller psykisk utviklingshemma i høg grad da terrorangrepa skjedde 22. juli i fjor.

Dei nye sakkunnige har også komme til at Breivik ikkje har ei alvorleg psykisk liding med svært redusert evne til å gjere realistiske vurderingar av tilhøvet sitt til omverda. Han handla ikkje under ei sterk medvitsforstyrring, og han er ikkje lettare psykisk utviklingshemma.

Dei nye sakkunnige meiner dessutan at risikoen er høg for fleire valdshandlingar. (©NPK)

LES OGSÅ:  Han kjem aldri ut