Längte til ein større stad

Framtida
Publisert
Oppdatert 17.08.2018 12:08

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vegen er eit gjørmehol og jeepen tung. Alle seta har folk i dei. Sjølva bagasjerommet. Der sit eg. Men eg høyrer Helena heilt til atterste benk. Sjølv om ho sitt heilt fremst, og er turleiar: Han har køyrt seg fast, stakkars. No får vi røre på oss, seier ho, spring ut, og går for å dytte bilen opp frå gjørma: Gjennom porten av lianar og slyngplantar.

Vi er i det austlege Himalaya, i Sikkimdistriktet, kor vegetasjonen er valdsam, rhododendronane svære, og plante – og dyrelivet rikare enn noko anna land i denne delen av Asia. Vi er på veg til folk rike på varme, vener, merksemd til kvarandre, og livskvalitet av den måten ein får når ein er andeleg vakne. Det blir sagt at meditasjon har hundre gongar sterkare effekt her enn nokon annan plass i verda. Ramtuk, som landsbyen heiter, er samlingsplass for buddhistar frå heile verda. Alle buddhistsenter si mor, blir det sagt, av Helena, alle vestlege tilreisandes mor. Ho er sjølv buddhist, har sjølv budd i Sikkim, og elskar denne staden.

No står ho i knallrosa tunika og flagrande, matchande skjerf, og dyttar på jeepen borte i slyngplanteporten. Gjørma sprutar. Bilen opp av gjørma. Han får fart. Motoren rusar. Jeepen tar den siste av bakkane opp til Ramtuk, senter for tibetansk buddhisme. Det største klosteret i heile Aust-Bengal, India og Sikkim slepp vitjarar inn. Eg er ein vitjar. Det er tydeleg og synleg frå den kvite huda mi. Helena er enno lysare, med kvitt hår. Men ho er ein av dei. Ho skulle sjølv bli nonne på byrjinga av nittitalet. Mannen i livet hennar, sonen til den sikkimske statsministaren, døydde i bilulukke då. Helena var i klosteret i nokre månadar, før ho fortsette praksisen som buddhist ute.

Men ho er altså frå Värmland, frå ein plass som er alt for liten for smaken hennar. Sjølv då ho var born var han for liten. Det beste ho visste i livet, var å dra på loffen sørover til ein onkels sommarhus Så snart ho ble gammal nok, loffa ho helt til Kenya. Der jobba ho for FN, og drev med bistandsarbeid. Dette tok henne til kongen i Sikkim, Nepal. Han var imponert over den unge kvinnas bistandarbeid, og inviterte ho til å bo med seg og familien med slottet i Sikkim. I 1991 flytta Helena inn der, og oppretta nære band med kongen og den amerikanske kona Hope, og med statsministeren og sonen hans.

– Hjarta mitt brast, seier ho, og legger hendene saman over brystet.

– Var du forelska i ham?

Helena ler det bort, peikar på bildet av kongen, og seier ein fin mann, ikkje sant?

Så nær, men ikkje nærmare, får ein komme Helena. Talestraumen hennar får bare bli broten av latter. Elles snakkar ho uavbrote, om for eksempel denne kongen, elskarinnene hans var så talrike og vakre, og om kona hans, Mrs. Hope, som han fekk med seg til India frå USA. Ho var ei skodespelarinne, som ble forfattar av ei bok kor ho utleverte kongen og alle hans sidesprang. Ho kan Indias historie innanfrå, har bare ei søster, som er hennes sikkimesiske venninne, og har konvertert til buddhisme. Ho smiler heile tida med den store munnen sin, dei strålande auga.

– Er du lukkeleg her?

– Ja!

– Er det fordi du trur på attføding?

– Ja, kanskje det!

– Kva gjorde det med deg at du begynte å tro på attføding?

– Eg lat alt fare! seier Helena.

– Du trenger ikkje å vere redd her i India. Len deg inn i det. Nokon vil ta deg i mot, seier ho.

LES OGSÅ: 12 ting ei jente vil gjera før verda går under

Rumtek
Alt eg veit om klosteret har eg frå Helena: At det er ein tru kopi av det første, største og mest berømte buddhistklosteret i Tibet, men at det er dette, lettare tilgjengeleg enn dei som er mura til fjella oppe i Tibet. Frå dette klosteret deriverar buddhistsenter i Trondheim, Bergen, Glasgow, osv. Donasjonar som er gitt til alle disse sentra blir sendt hit. Klosteret har god økonomi. Og kom hit, seier Helena til meg, ho vil vise noko heilt spesielt til meg. Sjølve bønerommet.

Vi tar av oss skoa, går inn i holen av gull, malte søyler, burgunder pledd, ja, disse bilda må være verbale. Det er ikkje lov til å ta med fotoapparat inn. I eit hjørne står dragar i tre og tøy, med eld i auga og spiralar i munnen. Dei er for ein sjamanfestival kor munkene kler på seg gullkapper og broderte silkesjal. I klede uvanlige frå de kvardagslige, slepp munkar kontrollen, går over i tilstander av ekstase og endra medvit. I eit kabinett ligg skriftene til buddhistane pakka inn i tøy, bak glas. Det aller første buddhistiske skriftet er uforandra, urørt. Men også kunnskap blir attfødd. For kvar gong er han utvikla, og skrive på nytt.

– Korleis begynte du å tru på attføding?

– Det var då tre ulike menneske, frå tre ulike deler av India svarte det same på spørsmål om kva eg var i mitt førre liv. Dei kjente ikkje kvarandre, seier Helena, men vil ikkje seie kva ho var. Eg spør igjen når vi er ute av klosteret. ho vil ikkje si det nå heller. Tre ting røper ho om privatlivet sitt. Det er dei tre gongene ho har vore forsøkt vekkgifta. Alle arrangementa var seriøse, men ingen hadde flaks med den svenske, blonde skjønnheita. Difor har ho heller ingen eigne barn, men jobbar mykje med barn i bistandsarbeidet sitt. Og ho vil aldri meir tilbake til Sverige. Inte älls, og ikkje eingong for å spreie den gode bodskapen der heime.

LES OGSÅ: Elevar tvinga til å be på parkeringsplass

– India er overbefolka. Sverige kan trenge deg. Viss du er ein idealist: Bør du ikkje velje Sverige?

– Det flyttar så mange indarar til Skandinavia. Eg har ikkje dårleg samvit for å bu her, nei.

– Men skjønnar du kvifor eg spør?

– Ja, og det er sjølvsagt eit dilemma, seier Helena. Det er også talande for menneskenaturen: Skandinavia har rom, tid, pengar, gode hus, bra infrastruktur, institusjonar. Likevel vel Helena Søraust-Asia, med trengsel, fattigdom, og liv, liv, venlegheit, samhald. Har Helena alltid likt det som ho finn her, og har ho sjølv alltid vore så varm som eg oppfattar ho no?

– Eg var ei helt vanleg jente frå Trollhättan som ville bort derfrå. Eg var sint på Trollhättan, seier Helena.

– Men religiøs har eg vore i heile livet mitt. Mine foreldre er gode protestantar, fortel ho. Etter Sikkim heldt Helena fram bistandsarbeidet i Delhi, og sidan i Rajastaan, der ho nå har budd i tretten år.

Jenter med protestantiske foreldre, frå små plassar i Skandinavia, som lengtar etter noko større. Ein større stad? Nei, ei større meining med alt. Helena fann Buddhismen. Kva finn du?

Les saka i Magasinett!