Fjas til folket
Les intervjuet med mannen bak "Dei likar ikkje grovisar i Rotary" og "Redlight Setesdal".
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Sigmund Falch fann ut allereie då han var barn, at han ikkje var den tøffaste eller den flinkaste, og satsa dermed på humor for å hevde seg i ein stadig skiftande skulekvardag. Sidan har han levd av humor. I fjor kom den fjerde boka hans med gamle bilete og tekst på nynorsk ut.
På spørsmålet om kor lenge han har drive med humor, svarer 46-åringen:
– Eg har halde på med det heilt sidan barndommen. Eg sat for meg sjølv og skreiv nye dialogar til NRK sin radiofigur Stutum, så var det russeavis og russerevy. Etter kvart blei humor ikkje berre noko eg dreiv med på fritida, men også som arbeid.
– Kvifor blei det humor du valde å drive med?
– Eg trur kanskje ein kan kalle det ei slags realitetsvegring. Eg byta ofte skule då eg var liten, eg hadde spontane foreldre som prøvde ut mykje. Eg fann ut at eg ikkje var den tøffaste eller den flinkaste, men at eg kunne vere morosam. Humor fungerte godt som ein isbrytar for meg.
– I tillegg er det jo gøy å drive med, og i Noreg går det heldigvis også an å leve godt av det, legg han til.
Han er gift, har to søner på 14 og 16 år og bur på Kolbotn.
– Sønene mine synest nok at eg har ein pussig jobb, men dei er opptekne av humor, dei også. Likevel prøver eg vel å seie til dei at å jobbe med det eg gjer, ikkje er noko du berre kan bestemme deg for, og eg ønskjer jo helst at dei skal velje å drive med noko anna, seier han med eit lite flir i røysta.
Tilsett i NRK
Wikipedia kallar han regissør og manusforfattar. Forlaget hans seier om han at han har lang arbeidserfaring som tekstforfattar i reklamebyrå, og at humor alltid har vore forma. I tillegg har han halde på med mange prosjekt ved sida av reklamen, mellom anna radioseriar, teikneseriar, bøker og hundrevis av sketsjar til Hallo i uken på P2. Sidan i fjor haust har han vore fast tilsett som produsent og prosjektleiar i NRK si humoravdeling.
– Kva jobbar du med nå?
– Akkurat nå jobbar eg med ein ny situasjonskomedie for heile familien, som etter planen skal gå på laurdagskveldane frå hausten 2013. Før det har eg jobba med den nye serien til Kristian Valen, fortel Falch.
– Kva ler du best av sjølv?
– På eitt eller anna vis er det jo litt øydeleggjande å jobbe med humor, fordi du får eit litt analytisk forhold til det. Eg ler vel kanskje mest av ting som eigentleg ikkje er meinte å vere morosame. Men det er mange flinke humoristar. Atle Antonsen, til dømes, han er berre genuint morosam, seier Falch.
– Eg prøver å få med meg mykje av det som skjer når det gjeld humor i Noreg. Eg går på små, rare oppsetnader og på dei store revyane. Då ser eg etter den genuine og oppriktige humoren, held han fram.
Ville underhalde seg sjølv
I 2008 kom den første humorboka hans med gamle bilete og nynorske bilettekstar ut.
– Eg fekk ideen til dette konseptet ein gong eg var sjuk og prøvde å underhalde meg sjølv. Eg leita eigentleg etter bilete av Henrik Ibsen, for eg gjekk med tankar om å lage ei alternativ bok til Ibsen-året. Eg fann ingen bilete av Ibsen, men derimot fann eg eit fantastisk biletarkiv som Nasjonalbiblioteket hadde gjort tilgjengeleg på nettet. Så byrja eg å tenkje kring desse bileta – kva er det eigentleg som føregår her? Så skreiv eg små bilettekstar til bileta. Eg viste desse bileta og tekstane til faren min, og han lo godt. Faren min har god humor, så derfor sendte eg bileta og tekstane til eit forlag. Dei ville gjerne ha det, fortel humoristen.
Så byrja ballen å trille. Han gav ut Ho peika på Ceylon og viste ein pupp, sidan kom Dei likar ikkje grovisar i Rotary (2009), Redlight Setesdal (2010) og sist Dei tek ikkje tran i Texas i fjor. Til hausten skal det etter planen kome ei femte bok i den same sjangeren.
– Kvifor har du valt å nytte nynorsk i bilettekstane?
– I det første utkastet prøvde eg meg på ei liksom-dialekt, men det fungerte ikkje. Eg ville at teksten på ein måtte skulle setje ein tilbake til den tida bileta er tekne i. Eg valde ikkje nynorsk fordi det er gamaldags, men fordi det for ein kar frå Hamar er litt høgtideleg, og bileta er også høgtidelege, strame og strukturerte, seier Falch.
– Are Kalvø nyttar jo også nynorsk, og eg føler at det gjev han ei tyngde. Eg synest bileta kler nynorsk.
Brukar nynorsk som verkemiddel
– Har du fått tilbakemeldingar frå nynorskmiljøet på valet av målform?
– Nei, ikkje eigentleg, men forfattaren Edvard Hoem, som er ein nynorskmann, er fan av bøkene, så det må vel bety at det ikkje støytar nokon at eg nyttar nynorsk som eit verkemiddel.
Humorist Are Kalvø har kjent Sigmund Falch i ei årrekkje, og han har følgjande å fortelje om humorkollegaen:
– Sigmund kjenner eg jo opphavleg som ein fjerdedel av den merkelige tekstforfattargruppa De Gyngende Seismologer, som skreiv dei mest fjasete tekstane i Hallo i uken i alle år. Dette går så langt tilbake at eg knapt vågar å tenkje på det. 1991? 1992? No har denne kvartetten spreidd seg og er i ferd med å ta over Underhaldnings-Noreg. Fjas til foket!
– Sigmund er, som dei andre seismologane, ei veldig fin blanding av tøysete og seriøs. Flink, idérik, genuint morosam og akkurat rar nok til å få idear som får oss andre til å måpe av misunning. Og undring. Eg trur for eksempel eg måpte då Sigmund fortalde meg om ideen med å kombinere gamle bilete og nynorske bilettekstar. Ein veldig, veldig rar idé som er forferdelig morosam. Mykje fordi han er så rar. Dette er kanskje dei bøkene i samlinga mi som er best eigna til å sende rundt på fest, held Kalvø fram.
Les alle Kalvø sine tekstar på Framtida.no her!
Ikkje så smale som han trudde
Sjølv er Falch overraska over responsen han har fått på dei fire humorbøkene sine.
– Eg trudde desse bøkene skulle vere ekstremt smale, men det viste seg at dei famna mykje breiare enn kva eg trudde. Både unge og gamle og begge kjønn verkar å like dei, seier han med litt mistru i røysta.
Han kan fortelje at det har vore meir tidkrevjande å lage bok nummer fire enn den første.
– Viss ikkje teksten kjem tikkande med ein gong, så må eg berre leggje bileta bort, sjølv om eg har lyst til å bruke dei. Eg er også oppteken av at det ikkje skal bli masseproduksjon, og av ikkje å gå i dei same spora.
Sigmund Falch har eit prosjekt han drøymer om å fullføre ein dag.
– Det hadde vore morosamt å få gje ut ein roman ein gong. Eg har ein del stoff allereie og puttar heile tida idear i boksen, men eg synest det går litt for sakte, seier han drøymande til slutt.
Nå er det kvardagen som produsent som gjeld. Sjølv om han nå har eit administrativt ansvar i produksjonen, gav han i jobbintervjuet klar beskjed om at det ville vere dum bruk av han og evnene hans å berre bruke han til administrativt arbeid. Han får dermed framleis bidra i tekstproduksjonen. Det gjorde han mellom anna i Kristian Valen sin nye humorserie.