Likar ikkje at Tine både er produsent av mjølk og smør og samtidig bestemmer konkurransevilkåra i meierimarknaden.

NPK-NTB-Per Christensen
NPK-NTB-Per Christensen

– Dette er bukken og havresekken. Eg er redd oppførselen til Tine den seinare tida, ikkje minst under smørkrisa, har svekt omdømmet til norske bønder, seier Høgres næringspolitiske talsmann, Svein Flåtten, til NTB.

Høgre vil ha eit uavhengig organ som er mykje breiare samansett enn i dag. Tilbod og etterspørsel, og dermed prisar, skal ikkje bli bestemt av éin eller to dominerande aktørar, eller «private monopol» som Høgre kallar Tine og Nortura.

Partiet trur at ei viss regulering av marknadsbalansen innan kjøt og mjølk er nødvendig.

– Ein marknad i full likevekt ville ha vore flott, men vi må nok bu oss på noko regulering. Men dagens ordning favoriserer dei største og kan skape misbruk, seier Flåtten.

Alternativ
Partiet har lagt fram ei alternativ landbruksmelding, der mykje er annleis enn i den som regjeringspartia har lagt fram, og som skal debatterast i Stortinget 12. april. Høgre meiner milliardsummane som det offentlege kvart år støttar landbruket med, kan brukast meir effektivt.

I Senterpartiet blir landbruksmeldinga til Høgre sett på som eit farvel til det gamle Sp-slagordet om å ta heile landet i bruk. Sp meiner Høgre står for auka sentralisering, større vekt på produksjonseffektivitet på kostnad av busetjing rundt om i Noreg og følgjeleg auka fråflytting.

Flåtten meiner dette er ei forvrenging.

– Høgre angrip ikkje distriktspolitikken, men vi må kunne sjå med nye auge på alle dei avgrensingar og konsesjonsordningar som gjennomsyrer landbruket, og som verkar hemmande, seier Flåtten.

Høgre vil fjerne buplikta og prisreguleringane på landbrukseigedom. Skattepolitikken vil gi bøndene meir å rutte med og dermed auke investeringane, heiter det.

Importvern
Høgre har avfunne seg med at norsk landbruk treng høge tollmurar som vern mot import frå utlandet. Men Flåtten ser ein fare i at stadig høgare murar fører til høgare prisar, noko som rammar både forbrukarar og norsk matvareproduksjon.

– Vi kan ikkje fjerne importvern eller marknadsregulering over natta. Men vi må gradvis tilpasse oss lågare vern. Regjeringa snakkar om å styrke tollvernet. Det er urovekkjande. Vi må heller bli meir konkurransedyktige og førebu norsk landbruk på å møte verda, seier Flåtten.

Under arbeidet med merknadene har Høgre funne mykje felles tankegods med Framstegspartiet og til dels Kristeleg Folkeparti. Men Flåtten understrekar at dette berre er ei stortingsmelding om politisk retning, ikkje ein proposisjon som omfattar løyvingar.

På det området er det stor avstand mellom Høyre og Frp, der sistnemnde vil kutte dramatisk i overføringane til landbruket. (©NPK)
 

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.35

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE