Gode pengar i tomflasker
For Røde Kors Hjelpekorps har tomme flasker og boksar blitt ei viktig inntektskjelde.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Hjelpekorpsa har plassert ut over 1.000 innsamlingsbehaldarar for flasker og boksar i fjellheimen. Det gir millionar av pantepengar i kassa.
Behaldarane er plasserte ut i hyttenære område av dei lokale Røde Kors hjelpekorpsa og er eit tilbod til alle dei som ønskjer å ta miljøomsyn også i ferien.
Over 100 hjelpekorps er med i panteinnsamlinga. Pantepengane går uavkorta til det lokale arbeidet til hjelpekorpsa, og er ei viktig inntektskjelde for korpsa. Sidan ordninga starta i 2001 har hjelpekorpsa samla inn over 20 millionar kroner. Berre i fjor låg inntektene på over fem millionar kroner.
Les òg: Rekord i attvinning
Pengane vert brukte til kjøp og vedlikehald av livreddande utstyr som radioar, GPS-ar, førstehjelpsutstyr, søkestenger, snøscooterar og hytter.
Innsamlinga i fjellet er eit samarbeid med Norsk Resirk, panteordninga for boksar og gjenvinningsflasker. (©NPK)