Få lærekontraktar i kommunane

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tilbyr få lærekontraktar

Oslo kommune tilbyr berre 214 lærlingplassar til yrkesfagelevane sine, og er dermed dårlegast av alle dei største byane i landet, skriv Klassekampen.

– Når dei tek inn så få lærlingar, har dei rett og slett gjort ein for dårleg jobb, seier Rolf Jørn Karlsen i Fellesforbundet. Han er leiar av samarbeidsrådet for yrkesopplæring som er det øvste fagorganet for fag- og yrkesopplæring i Noreg.

I Bergen og Trondheim kan kommunane tilby høvesvis 452 og 300 lærekontraktar, mange fleire enn i hovudstaden, men ikkje mange nok, meiner Karlsen.

Ifølgje KS vil Noreg mangle 41.000 årsverk innanfor helsesektoren i 2030 om ikkje rekrutteringa blir betre. Likevel er helsefagelevane blant dei som slit mest med å skaffe seg læreplass. I Oslo fekk berre 56 prosent av søkjarane læreplass innan pleie og omsorg i fjor.

– I helse- omsorgssektoren kjem vi til å trenge all den arbeidskraft vi kan få tak i. Vi jobbar med å bevisstgjere leiarane for verksemdene om mulegheitene for å ta inn lærlingar. Dette er eit leiingsansvar, seier byrådsleiar Stian Berger Røsland (H).

Totalt var berre 17 prosent av lærekontraktane som vart signert i fjor innanfor kommunal sektor. (©NPK)

LES OGSÅ: Betre velferd krev endra utdanning