Demokrati på tur

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Eg liker demokratiet. Eg synest det er ein fin idé som kan brukast til veldig mykje bra, og som kan misbrukast i langt mindre grad enn mange andre ordningar. Så tomlane opp til dei som fann opp demokratiet.

Og så liker eg veldig godt forsøk på å bruke demokratiske metodar på heilt andre område enn i politikken. Spesielt når desse forsøka ikkje går heilt etter planen. Når for eksempel bedrifter eller organisasjonar eller tv-program bruker folkeavstemmingar på nettet for å få blest om noko. Då viser folk seg ofte frå si aller beste side. Folk deltek, i forbausande stor grad, og ikkje minst: Ved slike høve viser folk at dei har humor. Dersom du ber heile folket om forslag, så veit du at du kjem til å få ein del forslag du ikkje hadde rekna med. Dersom ei bedrift for eksempel ber folk komme med forslag til nytt slagord på nettet, kan du vere heilt sikker på at ein god del av forslaga er sarkastiske. Og morsomme. Folk er faktisk ganske morsomme.

Mange folk er også sure og sinte, sjølvsagt. Men la oss no for ein gongs skuld sjå vekk frå dei. Dei har fått nok merksemd.

Ein klassikar i sjangeren folkeavstemming som gjekk feil, er radioprogrammet Nitimens kåring av Norges nasjonalfisk. Dette skjedde i 1982. Før nettalderen. NRKs bauta av eit radioprogram bestemte seg altså av ein eller annan grunn for å kåre Norges nasjonalfisk, og bad i god nasjonal ånd om folkets forslag og stemmer. Og folket foreslo. Og folket stemte. Og då stemmene var talde opp, var det ein klar vinnar: Slimålen. Visstnok var det ein studentaksjon som sørga for å gi slimålen den store oppslutninga.

Resultatet blei underkjent, og torsken blei i staden utropt til Norges nasjonalfisk. Og folket (i alle fall studentane) fekk vist at dei hadde meir humor enn Nitimen.

Og du ser slikt ofte i større eller mindre kåringar. Plutselig blir ei bok eller eit album du aldri har høyrt om kåra til tidenes beste i ei nettavstemming. Det einaste du då veit om vinnarforfattaren eller vinnarartisten er at vedkommande må ha venner og fans som er godt organiserte og aktive på nettet og veldig glade i helten sin. Og slikt er då vakkert. Det viser at særingane der ute også gjerne vil at fleire skal oppdage det dei har oppdaga, og at folk gjerne vil løfte fram heltane sine.

Det siste eksempel på uforutseielige nettavstemmingar er Norwegians haleheltkåring. Norwegian har norske heltar avbilda på halane på flya sine. Heltar som Fridtjof Nansen, Max Manus og Edvard Grieg. For ikkje lenge sidan sette flyselskapet i gang ei nettavstemming for å finne fleire såkalla haleheltar. Selskapet presenterte sjølv nokre kandidatar. Kandidatar som Einar Gerhardsen, Christian Michelsen og Peter Wessel Tordenskiold. Folk kunne også lansere sine eigne kandidatar. Og det gjorde folk. Og så begynte folk å stemme. Og så viste det seg at ganske mange stemte på ein black metal-musikar.

Og det er jo vanskelig å argumentere mot at svartmetall er noko ganske mange forbinder med Norge. Men det er likevel grunn til å tru at Norwegian kanskje ikkje såg akkurat dette komme.

Og det er nettopp det som er så fint. Du veit aldri kva som kjem frå folket. Folket er ulydige og gir deg sjeldan det du ber dei om.

Dette er fint, uansett kva som er grunnen til at mange stemmer fram svartmetallhelten sin. Kanskje var dette ein kampanje for å sabotere Norwegians avstemming. I så fall viser det at det finst svartmetallfolk som driv med smårampete, men ganske uskyldige, sabotasjeaksjonar. Og det kan ikkje skade. Eller kanskje er det rett og slett slik at mange synest tida er inne for å ta metal-sjangeren inn i den store nasjonale varmen. Det er endå finare, for det viser at også dei sære vil bli likt. Og at også det mørke og skumle med tida blir heilt greitt.

Og ein gong i framtida vil Nitimen ha avstemming og folket vil kåre «Pure fucking armageddon» til Norges nye nasjonalvise. Og ingen kjem til å meine at det er rart og unaturlig.

Viss då ikkje nokon overfestlige studentar organiserer seg og stemmer fram «Mysteriet deg» i staden.

Stod først på trykk i Aftenposten 31. mars.