Stor konflikt, kort film

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Korleis er den politiske og militære situasjonen i Uganda?

– Uganda har demokratisk utforma politiske institusjonar, men er ikkje eit demokrati i praksis. Det siste valet var korkje fritt eller rettvist og demonstrasjonar i etterkant av valet vart slått hardt ned på. Regjeringa og hæren er knytta sterkt saman, og det er vanskeleg å vere opposisjonell i politikken.

Kven er Joseph Kony?

– Kony er ein geriljaleiar frå Nord-Uganda. Då noverande president Museveni vann krigen og vart president i 1986, dreiv Kony geriljaverksemd mot den nye regjeringa. Kony var då ein av mange opprørarar i Nord-Uganda, og Lord Resistance Army (LRA), hæren hans, vart etterkvart ein av dei største og mest overlevingsdyktige av desse gruppene. Det lever ein myte i regionen om at han har magiske krefter sidan han ikkje vart teke, og han ser på seg sjølv som ein slags Gud.

Korleis framstillar KONY 2012-videoen det som verkeleg finn stad i Uganda?

– Videoen reduserer konfliktene enormt, noko han har vorte kritisert for. Regjeringa har i stor grad lukkast med å kontrollere dei interne konfliktene i landet, og i 2006 vart Kony og LRA driven ut frå Nord-Uganda. I dag er det få eller ingen væpna opprør. Dette kjem dårleg fram i filmen.

– Det er problematisk at 15 av dei 30 minutta filmen varer handlar om filmskaparen og historia hans, men på den andre sida er det tydelig at det har funka, og filmen kan vere positiv om han leier til at folk engasjerast.

Korleis reagerer ugandarane på videoen?

– Slik eg har forstått det oppfattar dei at videoen framstiller situasjonen i Uganda dårleg og syner lite respekt for deira sorg. Nokon er positive til videoen, men det verkar som om dei fleste ville ønskja at fleire lokale stemmer kom fram. Kony-videoen har vorte kritisert for å mangle lokalt eigarskap, og det er kritikkverdig at filmen er mindre kjend i Uganda enn i USA.

– Filmen bidreg òg til å byggje opp under myten om Kony ved å fortelje historia på den måten dei gjer. Kritikarar hevdar at det blir feil å byggje han opp som ein kultfigur.

Er denne måten å aksjonere på eit unikt eingongstilfelle, eller har han potensiale til å bli ein ny måte å aksjonere på?

– Det har vore liknande kampanjar før, Live Aid-konsertene gjer mykje av det same. Det vi ser no er at det blir nytta nye kanalar. Slike videoar gjev ei effekt som skapar medvit blant folk, men er ikkje nok i seg sjølv.

«Invisible children» ønskjer å bruke makta til media til å inspirere unge menneske til å få ein slutt på væpna konflikt i Afrika. Kva kan vi som enkeltindivid gjere?

– Å ta engasjementet vidare ved å oppsøkje andre kjelder og gjere seg opp ei eiga meining er viktig. Ein kan nytte seg av underskriftskampanjer, freiste å påverke makta i eige land og eventuelt starte opp ein eigen organisasjon. Jo meir engasjement, desto betre, men engasjement i seg sjølv er ikkje tilstrekkeleg. Langsiktige løysingar og at afrikanarar får byggje sine eigne statar er viktig.

Kva skal til for å arrestere Kony?

– Ei løysing kan vere fredssamtalar, men det er vanskeleg å få Kony til forhandlingsbordet. Ved ein slik strategi er det viktig å gje Kony noko. Om han berre vil tape på dialogen, har han heller inga motivasjon til å vere med. Ein fredsbevarande styrke med mål om å trygge sivile framfor å jakte på Kony er ein annan moglegheit. Her er det viktig med eit breitt afrikansk initiativ og langt tidsperspektiv for å finne løysingar på konflikta.

Korleis går det eigentleg med Afrika om dagen?

– Det varierer mellom landa, men generelt vil eg seie det går ganske bra. Mange afrikanske land har ei høgare økonomisk vekst enn mange andre delar av verda, men slit med mangel på demokrati og sosial utjamning. Det er viktig å ta å tenkje på tidsdimensjonen når ein ser på dei afrikanske statane. Statsbygginga i Europa tok fleire hundre år, og dei afrikanske statane er relativt nye.

Les saka i Studvest!