Vitaminpiller aukar døyingstala

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Døyr raskare av vitaminpiller

Slik lyder konklusjonen i ein ny dansk studie, som har samanfatta alle forsøk som er gjort på området.

Overlege Christian Gluud, som leier forskingssenteret Copenhagen Trial Unit, har leidd arbeidet med undersøkinga.

– Den nye studien vår viser at antioksidantane aukar døyingstala med om lag 4 prosent. Det er altså farleg å ta vitaminpiller, og vi vil derfor rå friske menneske som et allsidig ifrå å ta dei, seier Gluud til forskning.dk.

Undersøkinga stadfestar ein studie gjort av dei same forskarane i 2008. Den gong bygde dei konklusjonane sine på 68 undersøkingar som omfatta til saman 232.000 menneske.

Nokon av forsøkspersonane fekk antioksidantar som kosttilskot, medan andre fekk verknadslause placebopiller.

Konklusjonane i 2008 vakte stor oppsikt i media og utløyste debatt i forskingsverda. Helsestyresmaktene i Danmark valde å ikkje gå ut med noko generell åtvaring mot å ete vitaminpiller med antioksidantar.

Materialet forskarane no byggjer på, omfattar ytterlegare 65.000 forsøkspersonar. (©NPK)