Innvandrarar utan stemmerett kan bidra til å gi dei borgarlege fleirtal ved neste val.

NPK-NTB
NPK-NTB

På grunn av høg innvandring til høgreorienterte, urbane fylke som Oslo, Akershus og Rogaland vil folketalet her auke. Dermed får desse fylka fleire stortingsmandat, sjølv om mange av innvandrarane ikkje har stemmerett, skriv Klassekampen.

Årsaka ligg i ein formulering i paragraf 57 i grunnlova der det står at fylka skal få mandat etter kor stort areal dei har og talet på «indvaanere». Sidan 2002 har praksis vore å tolke innvånarar som folketalet. Der inngår mange ikkje-norske statsborgarar som ikkje har stemmerett ved stortingsval.

Borgarleg fleirtal meir sannsynleg

Kommunaldepartementet vil gje fylka mandat utifrå folketalet per 1. januar 2012. Ifølgje Statistisk sentralbyrå står ikkje-norske statsborgarar på dette tidspunktet for
14,2 prosent av folketalet i Oslo, 9,7 prosent av folketalet i Rogaland og 9,3 prosent av folketalet i Akershus. Ifølgje valforskar Bernt Aardal vil Akershus, Rogaland og Hordaland få eitt nytt mandat kvar ved valet i 2013, i tillegg til to frå Oslo.

LES OGSÅ: Vestlendingar pregar norsk politikk

Taparane vil vere distrikta. Dei raudgrøne storbastionane Hedmark og Nord-Trøndelag har kun 5,1 prosent og 4,5 prosent ikkje-norske statsborgarar, noko som gjer at Arbeidarpartiet vil tape to mandat før valet startar, eitt frå kvart av desse to fylka.
Sogn og Fjordane, Nordland og Troms vil og miste eitt mandat kvar.

Sør-Noreg vil få meir og meir makt

Det er først og fremst dei sentrale fylka med store byar, der dei borgarlege tradisjonelt står sterkast, som vil vinne på dette, då innvandringa også i framtida vert rekna med å konsentrere seg om dei store byane.

Dette vil gi sentrale fylke i Sør-Noreg meir og meir makt kvar gong mandata vert rekna ut kvart åttande år. Mandatfordelinga for stortingsvalet i 2013 vert rekna ut på bakgrunn av innbyggjartalet per 1. januar 2012. (©NPK)

QUIZ: Kva veit du om innvandring?

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.35
ANNONSE