Lærarstudentar på u-landsnivå i matte

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Resultata frå rapporten «Mange og store utfordringer» vart lagt fram på Blindern torsdag og plasserer norske lærarstudentar jamt over eit stykke bak land som Botswana, Malaysia, Polen, Russland og USA, skriv Aftenposten.

Dei landa vi slår er Chile, Georgia, Filippinene, Thailand og Oman.

Førsteamanuensis ved Universitetet i Oslo, Liv Sissel Grønmo, meiner at ein i lærarutdanninga ofte legg for mykje vekt på pedagogikk, leik og moro med elevane, noko ho meiner går på kostnad av den faglege kunnskapen.

– Det har vore ein del diskusjon i Noreg om lengda på lærarutdanninga. Det er like viktig å sjå på kva som vert prioritert innanfor dei tidsrammene ein allereie har, seier Grønmo, som har vore med på å utarbeide rapporten.

Norske lærarstudentar har i ei årrekke blitt testa i kunnskapane sine og allereie i 2001 konkluderte Norsk matematikkråd med at resultata var langt frå tilfredsstillande.

Testane lærarstudentane har gjennomført, går ut på å svare på matematikkoppgåver med forskjellige vanskegrader. Talet på riktige svar frå dei ulike landa er deretter blitt samanlikna.

Les òg: Frå matteskrekk til mattemeistring.

Ikkje overraska
Forskings- og høgare utdanningsminister Tora Aasland (SV) er ikkje overraska over funna i rapporten.

– Eg trur vi er på rett veg for å heve kompetansen, men det er opplagt at det står att mykje jobb, seier ho. (©NPK)

Les òg: Matteangst har stor effekt