Døgnvill datafest

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det er framleis tidleg fredag kveld, men alt no startar Kviteseidhallen å fyllast opp av ungdommar som riggar seg til med store dataskjermar, spelkonsollar og nok potetgull og cola til å fø ein heil armé. 160 deltakarar er meldt på til arrangementet, og på det meste er det over 200 ungdommar inne i hallen.

Erlend Hauglid, Torjus Ek Brynhildsen og Sondre Hauglid er alt godt i gang med spelinga når VTB er innom. Augo flyttar seg ikkje frå skjermane, men dei er likevel imøtekomande og blide når me spør om kva dei trur om nattesvevnen denne helga.

– Tja. Det spørs litt om det blir så mykje, svarar Erlend.

– Det blir i alle fall ikkje noko svevn på meg, forsikrar Torjus.

Nye kjennskapar
I år deltok fleire jenter enn tidlegare på Zululan, opplyser bygdelivsmeklar Elisabeth Lid, som er hovudansvarleg for arrangementet. For å femne alle interessegrupper har arrangørane, Kviteseid ungdomsklubb og Kviteseid internettkafé, lagt opp til eit variert konkurranse- og underhaldningsprogram. Bilspel, Wii bowling, dansematte, luftgeværskyting og individuelle konkurransar i ei rekkje ulike spel, som Counterstrike, Mindcraft, Call of Duty og Age of Empires, er blant tevlingane deltakarane kunne sikre seg fine premiar i.

– Me set pris på både konkurransane og det sosiale på Zululan, fortel Hanne Jansen, Martine Wisland og Kristine Andresen, som går i 9. klasse på Kviteseid skule.

– Det er ein fin plass å møte nye folk. Me blir kjent med mange som kjem frå andre stader enn Kviteseid, og møter att dei same folka andre plassar elles i året, som på Dyrsku’n, seier Wisland.

Jentene har gleda seg lenge til treffet.

– Det er eit veldig bra arrangement, og me treng det her i Kviteseid og Vest-Telemark, slår dei fast.

– Er det leit at det er så mange fleire gutar enn jenter her?

– Det er berre moro, ler jentene, som innrømmer at dei augnar moglegheita for ein liten zuluflørt.

Les òg: Tek sats med datatreff


Gode hjelparar
Arrangementet er avhengig av stor friviljug innsats og sponsorhjelp. Telefiber leverer gratis internett heile helga, og Skorve byggjer 150 meter med bord til dei hundretals datamaskinene. Rundt dei spelande og skravlande ungdomane svinsar det friviljuge Zululan-mannskapet i grøne t-skjorter og hjelper smilande til med kablar og tilkopling og andre ting som deltakarane lurar på. Både ungdom og vaksne deltek som vakter og hjelpemannskap.

Les òg: – Spel kan kutta skulen med to år


Minnest Eivind
Laurdag kveld heldt dei over 200 ungdommane ei sterk minnemarkering for Eivind Hovden frå Dalen, som mista livet på Utøya 22. juli.

– Klokka 22.07 markerte Zululan-crewet eitt minutts stillheit over tapet av Eivind Hovden, som blei så meiningslaust riven vekk frå oss på Utøya. Eivind var eit viktig medlem i Zululan-crewet i 2011, skreiv Tor Øystein Gravdal, ungdomsarbeidar i Tokke, på facebooksida til Dalen ungdomsklubb etter markeringa.

Les saka i VTB her!