Store sauer laga ullkrøll

Veksande problem for saueklypparar at sauene blir sterkare og feitare.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Naboen kom til unnsetning då Sverre Bjelde i Aurland vart i beit for saueklyppar.

Etter at den proffe, innleigde klypparen valde å avstå frå å fullføra jobben, vart bonden sitjande med 70 ulltunge sauer. Krisa var nær, lamminga rykte snøkt nærare og ulla måtte av.

– Naboen kom i knipe og det var berre å trø til, seier Olav Grønsberg, erfaren sauebonde i Vassbygdi som tok på seg oppdraget og fullførte klyppinga fredag og laurdag.

Ståande handsaming
Nils Kvamme forklarer kvifor klypparen måtte gje opp sauene til Bjelde.

– For at ein profesjonell utdøvar skal nå over alt, er han avhengig av å kunne setja sauen på baken, seier Kvamme.

Det lét seg ikkje gjera med sauene til Bjelde, mellom anna fordi dei er uvanleg store.

– Dei må klyppast ståande. Det tek tid. I dette tilfellet altfor lang tid, seier Kvamme, som formidlar den profesjonelle saueklypparen.

Tunge å handtera
Han seier det er eit veksande problem for dei proffe klypparane at sauene er store. Dette har bakgrunn i betre fôring og stort fokus på større kjøtproduksjon.

– Dette er ei side av sauenæringa som det til no ikkje har vore fokusert på, seier han.

– Dei proffe klypparane som skal nå over tusenvis av sauer får ei utfordring. I framtida vil klypparane slita meir, dei må handtera stadig større og sterkare dyr. Denne karen klypper 200 sauer dagleg. Då forstår ein kva dette har å seia, seier Kvamme.

Saueeigar Bjelde er svært takksam for at naboen kunne hjelpa til.

– Voldsomt kjekt, det er ikkje lett å få folk til slikt og no tok dette til å bli ei tyngsle for dyra, seier han.

Les saka i Sogn Avis!