Meir enn kvar fjerde nordmann set seg ned og les ei bok dagleg, ifølgje Norsk Mediebarometer frå Statistisk sentralbyrå (SSB). Talet er høgare enn på 20 år.

NPK-NTB
NPK-NTB

Den årlege undersøkinga byrået har av medievanane til folket i Noreg visar at trendane frå dei siste åra held fram. Avislesinga går ned, medan tida ein brukar på internett framleis aukar.

Nedgangen i avislesinga var liten i fjor. I 2011 les 63 prosent av borgarane ei eller fleire papiraviser dagleg, mot 64 prosent i 2010. I 1997 var talet på avislesarar 84 prosent.

I same periode har talet på dei som seier dei les bøker ein gjennomsnittsdag, auka frå 17 prosent til 27 prosent. Talet har ikkje vore høgare dei siste 20 åra, skriv SSB.

Bruken av internett aukar framleis. 80 prosent var innom nettet dagleg i 2011, mot 77 prosent året før. (©NPK)

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.35

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE