Ei tid for handling

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Lenge har vi trudd at alt går bra i Norge, at vi vil bli spart for nedgangstidene som har sendt menneske i andre land ut i arbeidsløyse og fortviling. Men i det siste har krisa også ramma landet vårt. Berre den siste veka har fleire nyheiter rysta oss og minnt oss om at heller ikkje her i landet er lykka noko ein kan ta for gitt. Også her slit vi i motbakke.

Dagsrevyen fortalde oss for eksempel denne veka at korpsrøsla slit. Mange melder seg ut. Mange fell frå.

Om utviklinga held fram, så vil vi kanskje ikkje ha korps igjen om ein generasjon. Kanskje vil vi berre ha ein og annan dirigent.

Eit endå verre slag var naturligvis nyheita om at det ikkje var så veldig mange tilskodarar i Holmenkollen forrige helg. Det var godt med plass under den tradisjonsrike Holmenkollsøndagen. Sjølv var eg faktisk ikkje eingong klar over at det var Holmenkollsøndag før eg såg ein mann med ski og ansiktsflagg på Oslo Sentralstasjon. Så ille har det blitt. Ein ting er å ikkje møte opp når det er Holmenkollsøndag. Mykje verre er det å ikkje eingong vite at det er Holmenkollsøndag. Men slik har det altså blitt. Dette er situasjonen i Norge i 2012. Vi trudde det var greitt. Vi trudde ting fungerte og at folk hadde det bra.

Så kom bilda frå Holmenkollen.

Nesten folketomme tribunar. Grupper på tre-fire personar stod spreidde og såg tomt ut i lufta. Det var eit sjokk. Det er ikkje anna å seie. Det er ikkje slik det skal vere. Det skal vere jublande folkemengder, sympatiske menneske med måling på kjakane, glade tilskodarar som står tett saman og viftar med flagg og jublar sjølv til dei skikkelig dårlige utøvarane. Koking av kaffi i skogen. Smil og latter. Heia-rop. Vi trudde alt dette kom av seg sjølv. No, og først no, forstår vi at det ikkje er slik.

Mange har sagt at noko må gjerast. Oslos ordførar har reagert med sjokk og vantru.

Bilda frå Holmenkollen har gått verden rundt. Folk trur knapt det dei ser. Eit bilde av ein trist einsam mann med termos og falma flagg i Holmenkollen har ført til spontane innsamlingsaksjonar og støtteerklæringar frå Hellas og Spania. Er det noko vi kan gjere? spør folk. Norge har heile tida vore Europas håp. Landet som viser at det går an å stå oppreist i krisetider. Om ein berre held saman. Når det no også raknar i Norge – ikkje berre i Norge, men i Norges hjerte Holmenkollen – så er det eit heilt kontinent som raknar. Ein verden held pusten.

Det blir no jobba på spreng for å finne løysingar på problemet. Regjeringa sitt i krisemøte daglig og får gjort lite anna.

Fleire kreative alternativ har blitt drøfta. Eit forslag er å sende alle veljarane SV har mista til Holmenkollen. SV har stilt seg positiv til dette, men trur det kan bli vanskelig å gjenomføre i praksis, sidan dei ikkje veit kvar desse veljarane har blitt av.

Senterpartiet har naturligvis foreslått å flytte Holmenkollen ut av Oslo, men dei blei som vanlig ikkje tatt særlig alvorlig av dei andre.

Ein av dei meir drastiske ideane kom ein sein nattetime denne veka. Då blei det foreslått å tvangssende asylsøkarar til Holmenkollen. Tanken er sjølvsagt at dette vil gi fleire tilskodarar i Holmenkollen og at Norge dermed vil sjå betre ut på bilde.

Forslaget blei møtt med skepsis i deler av Arbeiderpartiet, der mange fryktar at dei som bli sendt til Holmenkollen skal bli verande der. Då risikerer vi å få ein situasjon der det er folk i Holmenkollen også utanfor sesongen. Mange spør seg kva vitsen er med det, sidan det ikkje er då folk er der for å ta bilde av Norge. Dessutan fryktar ein at dette vil skape eit inntrykk i verden av at det berre er å komme til Norge, så får du sitte utandørs i eit skianlegg resten av livet.

Problemet er framleis uløyst.

Kanskje er det slik det vil bli.

Kanskje er dei gode tidene over.

Stod først på trykk i Aftenposten 17. mars.