Sundfør til Bøgrend Autofest

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

26. mars kjem hennar tredje soloalbum The Silicone Veil, og singelen White Foxes fekk for nokre veker sidan store delar av musikk-Noreg til å ta superlativ-bruken til nye høgder. I sumar tek ho turen til Vinje i Telemark, og spelar solokonsert i verkstadhallen på Bøgrend Auto.

– Susanne Sundfør er ein av dei mest vitale og kompromisslause popkunstnarane på den norske musikkscena i dag, og me er ikkje så reint lite stolte av å kunne presentere ho på vår lille kompromisslause festival i indre Telemark, seier Asgaut Bakken, bookingansvarleg for Bøgrend Autofest.

Susanne Sundfør platebuterte i 2007, men gjorde seg for alvor bemerka då ho gav ut albumet The Brothel i 2010. Plata fekk svært god mottaking frå kritikarkorpset og publikum, og då avisa Morgenbladet i fjor kåra dei hundre beste norske albuma gjennom alle tider kom The Brothel på plass nr. 15. I slutten av mars kjem ho med ei ny etterlengta plate, og ho er allereie stadfest til mellom anna Øyafestivalen i sumar.

Eksklusiv festival
Bøgrend Autofest vert arrangert 2. – 4. august, og frå før er Blåmann Blåmann (med blant andre Odd Nordstoga), Shining, Amund Maarud, Sandra Kolstad, Mari Kvien Brunvoll, Death By Unga Bunga og Koppen stadfest til den sjangerfrie festivalen i Vinje.

– Programmet byrjar verkeleg å ta form no. Det vert ein herleg miks av kruttsterke artistar innan fleire ulike sjangerar, og me har framleis ein del artistar igjen som skal opp på plakaten, avsluttar Bakken.

Billettsalet er godt i gang, og festivalen har eit avgrensa tal med plassar. Berre 400 festivalpass er ute for sal.