Unge er redde, men droppar bilbelte

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Er redde, men droppar selen

I dei tre første månadene i år har 5.000 personar svart på spørsmål om eigne haldningar og åtferd i trafikken på nettsida til Trygg Trafikk, «Real Life Auto». Dei fleste av desse er ungdom eller unge vaksne under 30 år.

Heile 65 prosent av dei har vore nær ved å oppleve ei ulykke i trafikken, og om lag like mange har kjent seg utrygge som passasjer i bil. Likevel har 32 prosent droppa å bruke bilbelte i framsetet, og 36 prosent i baksetet.

– Det er eit paradoks at så mange uroar seg for ulykker, og samstundes sit utan bilbelte, seier prosjektleiar Alexander Wie Flaa i Trygg Trafikk.

Dei siste fem åra har 210 personar i alderen 18 til 24 år omkomme på norske vegar. 10. januar lanserte Trygg Trafikk «Real Life Auto». Dette er eit læringsprogram utforma som eit dataspel, særleg retta mot elevar ved yrkesfagleg utdanning. Målsetjinga er å gi ungdom meir kunnskap om trafikktryggleik og dermed redusere ulykkesrisikoen. (©NPK)

LES OGSÅ: Flest drepne av førarfeil og høg fart