– Døden, politikk og folk me ikkje likar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Kjærleiken er meiningslaus

Belysninga på Knaus er dempa, og scenearbeidarane er i full gong med å gjere klart til kveldens konsert. På bakrommet sit fire musikarar godt plassert i ein gammal og slitt sofa som ser ut til å ha vert med på det meste. Dei presenterer seg sjølve som The Kabeedies, eit «up-and-coming»-band frå England.

Sjå våre bilete frå konserten her!

Alvorleg, men fengjande
Dei fire musikarane fortel at musikken deira er ei blanding av indie, afrobeat og god gammaldags rock 'N' roll, og beskriv musikken som dansbar pop.

– «Love is pointless, pathetic and useless. Why should we write about something like that?» kjem det kjapt frå trommisen Francis Bell då eg spør om dei skriv kjærleikssongar.

The Kabeedies skriv om alt anna enn kjærleik. Døden, politikk, barn og folk dei ikkje likar er berre nokre eksempel på tema dei syng om. Med elleville melodiar beviser dei at det går an å lage dansbar pop, uansett kva den handlar om. Musikkindustrien er hard, noko dei er klar over. Men draumane legg dei aldri frå seg.

–  Å fortsetje med musikk, og i tillegg ha råd til det, får eg til kontant svar då eg spør kva mål dei har for framtida.

Det er einstemd. For første gong ser eg teikn til ei alvorleg mine blant dei engelske morogutane. Katie kan fortelje at dei alle må arbeide på sida for å få ting til å gå rundt.

– Me har alle jobb ved sida av. Bortsett frå Francis då, han bur så billig og et nesten ingenting. Gutane flirer og nikker bekreftande.

Vitsar om Noreg
Latteren sit laust då gitarist og vokalist Evan Jones byrjar å vitse om kor dyrt og kaldt det er i Noreg. Det er tydeleg at dei ikkje er vant med dyr mat og dårleg vær i England.

Fra venstre: Katie Allard, Roary Hill, Francis Bell og Evan Jones i The Kabeedies.

–  Eg måtte kjøpe desse støvlane i går fordi dei andre skoa mine ikkje tålte den norske vinteren, seier Jones og peiker på nokre solide fjellsko-liknande støvlar som er godt plassert på beina hans.

Med kvar si øl i handa held dei fram med den useriøse vitsinga medan Katie Allard, den einaste jenta i bandet himlar med augene. Ho trekker på smilebånda når eg spør om det er slitsomt å vere aleine med tre gutar.

– Du må berre lære deg å kople ut når dei opnar munnen, seier ho på kav britisk medan gutane flirar.

LES SISTE MUSIKKNYTT HER!

Vitsinga mellom dei barnslege gutane held fram, og plutseleg sit Evan Jones og truar med å tømme øl over sitt eige skritt. Dei andre tullar med at han ikkje kjem til å gjere det, og berre for å motbevise det tømmer han ut halve øla over seg sjølv.

– Håper du har med deg fleire bukser, seier Katie og himlar nok ein gong med auga. Det skal ikkje vere lett å vere den eineste kvinna blant umodne gutar.

På turné med nytt album
Eit par timar seinare byrjar konserten på Knaus. Det er første stopp på turnéen deira med det nye albumet SOAP. Då konserten byrjar er det ikkje mange i salen, men musikken fungerer som ein magnet og folkemengda aukar etter som ein kjem lenger ut i konserta.

Etter ein time takkar dei for seg og forlater scena, men det blir ikkje godteke av publikum. Dei blir klappa inn igjen på scena og må spele ein ekstra song. Då dei nok ein gong prøver å forlate scena skjer det same, og Katie åtvarar mot at stemma hennar kanskje forsvinner i løpet av songen. Etter dei forlet scena for siste gong rykkar det framleis i dansefoten.

Les saka i Under Dusken!