Film aukar alkoholforbruket
Ei undersøking utført i seks europeiske land viser at tenåringar drikk meir etter å ha sett hollywoodfilmar der skodespelarane drikk alkohol.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
The Guardian fortel at den tyske undersøkinga blei gjennomført blant elevar og studentar i alderen 10 til 19 år i Skottland, Tyskland, Island, Italia, Nederland og Polen. I alle landa var det ein klar tendens til at dei unge blei påverka av filmane dei såg.
– Vi hadde ikkje venta så klare funn, men det viser berre kor mykje innflytelse media har i livet til eit ungt menneske, sa forskar Reiner Hanewinkel ved Institute for Therapy and Health Research i Kiel.
– Hollywood-filmar vert distribuerte over heile verda, og påverkar ikkje berre amerikanske tenåringar, men også andre, påpeikte han. (©NPK)