Stadig fleire britar legg no vekk 3D-brillene og ser heller filmar utan djupsynseffektar.

NPK
NPK

Trenden som starta med eventyrfilmen «Avatar» i 2009, har byrja på første del av siste verset. 

Sjølv om talet på 3D-filmar var rekordhøgt i Storbritannia i fjor, 47 filmar i alt, fall marknadsdelen frå 24 til 20 prosent, skriv avisa The Guardian.

Da klassikaren «Løvenes konge» nyleg vart lansert på nytt i 3D-format, valde over halvparten av dei som såg han, å sjå 2D-versjonen i staden, viser ein rapport som analyseselskapet Enders Analysis har gjort.

Berre 33 filmar i 3D kjem opp på kino i Storbritannia i år.

LES SITE FILMNYTT HER!

– For få år sidan gjekk folk på 3D-kino for å sjå kva det gjekk ut på, men no er eksperimentfasen over, seier Alice Enders i Enders Analysis til avisa.

Britiske filmar i flatformat hadde derimot eit godt år i Storbritannia fjor. Filmane «The King's Speech» og «The Inbetweeners Movie» var dei andre og tredje mest besøkte filmane – vel å merke etter 3D-filmen «Harry Potter og dødstalismanene» (2). (©NPK)

Har du tru på 3D? Korleis trur du me vil sjå på film om 20 år?

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.35

LES OGSÅ

ANNONSE