Vil forske på Lilyhammer-effekten

Lokale krefter i Lillehammer vil forske på kva turisteffekt tv-serien «Lilyhammer» gir.
 

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Serien er interessant for oss, seier amanuensis ved reiselivsstudiet Hans Holmengen ved Høgskolen i Lillehammer til NRK.

Lilyhammer blir sett av over ein million sjåarar på onsdagskveldane, og er blitt alle tiders norske dramaeksport.

– Gjennom serien er Lillehammer kome veldig i skotet. Byen har tatt mål av seg å bli ein av dei beste vinterdestinasjonane i Europa og har drive imagebygging over tid. Dette kan vere eit tilskot, seier Holmgren.

No vil han gå meir vitskapeleg til verks for å finne ut om opphaldet til Frank Tagliano i Lillehammer smittar over på potensielle turistar.

Reiselivet i Lillehammer gnir seg i hendene, og satsar stort på å bruke serien i marknadsføringa si.

– Vi er veldig nøgde med den merksemda som serien har fått, i tillegg til det biletet som blir teikna av regionen, seier Seier Ove Gjesdal i Lillehammer Turist.

Professor i kulturforståing og kulturpolitikk, Anne-Britt Gran ved Handelshøyskolen BI trur meir enn berre reiselivet i Lillehammer vil kunne dra nytte av serien.

– Dersom serien blir ein sjåarsuksess så er det ingen tvil om at det vil synleggjere både Lillehammer og Noreg som turistattraksjon, seier ho. (©NPK)