Spring ut fem par joggesko i året

Marit Lajord
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg sprang jo alltid. Til skulen og heimatt, og så til skulen ein gong til for å treffe kjente. I 8-9. klasse gjekk eg åleine på ski over Hardangervidda. Så kanskje vart eg meir uthaldande av å vekse opp i Vinje, fortel Marie Veslestaul.

Ho er einaste dame som har fullført Norseman fem gonger, og i 2007 var ho aller raskast.

LES OGSÅ: Jentene sine nye førebilete

Gleda ved å vera ute
– Eg hadde aldri drive med symjing, men eg var glad i å sykle. Så ein dag i mai 2005, synte Harald Rishovd (lokal eldsjel i Øyfjell) meg ein artikkel om konseptet Norseman. Han lurte på om dette ikkje var noko for meg. Kanskje var det litt på fleip, men eg bestemte meg for å klare det. Så eg trena meg opp den sumaren, og stilte til start i august, forklarar Marie.

Ho tok ikkje skrekken av symjinga, syklinga og det fulle maratonløpet mellom Eidfjord og Gaustadtoppen, og det som vert rekna som verdas hardaste eindags idrettskonkurranse. I staden gav det meirsmak, og ho har vore med på mange andre triathlon-konkurranse rundt om i vera.

– Det eg likar best, er nok det å vera ute. Eg treng ikkje musikk, for eg vert så motivert av naturen og sjølve opplevinga, seier Marie. No om dagen går ho på ski heime i Øyfjell, og delar nokre av treningsopplevingane på dialekt på bloggen sin.

LES OGSÅ: Vann Ultrabirken med sjokoladepapir

Springe i regn og bomull
Marie er klar for eit nyt Norseman i august. Men om ein ikkje har planer om å prøve seg på triathlon, har ho likevel mange treningstips:

– Ikkje start for hardt, det gjer det korkje lukkeleg eller god.

– Det går heilt fint å springe i bomull.

– Prøv å nyte det å vera ute.

– Spring i all slags ver. Tenk berre på det å springe i regnet, og ikkje minst den gode kjensla av å sitje nydusja i sofaen etterpå.

– Det er ikkje utstyret som gjer deg god. Eg sykla lenge med ein gamal trimsykkel frå 1986.

– For mange er det best å trene med nokon rundt seg.

– Start med å sykle, det kan vera lettare enn å springe. Eventuelt kan ein starte med å gå i skog og mark, og så berre gå lenger og lenger.

– Ta vare på føtene dine. Gode joggesko er viktig, så det kan ein godt bruke pengar på, avsluttar Marie, som sjølv spring ut fem par i året.

LES OGSÅ: Idrett mistar taket på dei unge

Faktaboks

Norseman Xtreme Triathlon

– Rekna for å vera verdas hardaste eindags idrettskonkurranse.

– Årleg Triathlon, som byrjar i Eidfjord i Hardanger og endar på Gaustatoppen.

– 3,8 symjing i Hardangerfjorden

– 180 kilometersykkel frå Eidfjord, over Hardangervidda og til Austbygdi i Tinn.

– 42,2 kilometerspringing(full maraton) frå Austbygdi, via tinn og opp på Gaustatoppen 1883 moh.

– Arrangert fyrste gong i 2003.