Gulrotfrøa allereie i jorda
I kystkommunen Søgne i Vest-Agder er gulrotfrøa allereie komne i jorda.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Grønsakbonde Helge Pettersen har aldri før sådd gulrøter så tidleg som i år.
Medan det er vinterferie for ein del skuleelevar og mange er på ferie i vinterfjellet og nyt sol og snø, er bøndene langs kysten av Sørlandet i gang med å så grønsaker. Og vi har så vidt passert 1. mars.
– Eg har vore gardbrukar sidan eg var ein ung mann, og eg har aldri sådd gulrøter så tidleg som i år, seier Helge Pettersen til NRK.
Det har vore ein mild vinter nesten utan tele i jorda. Det gjer at bøndene kan byrje ekstremt tidleg med våronna på Sørlandet.
Grønsakbonden set pris på at han kan starte arbeidet tidleg, for det gir mindre stress utover våren.
– Det betyr at vi kan få gjort arbeidet tidlegare. Med ein sein vår må vi jobbe både natt og dag for å bli ferdige, seier Pettersen.
Han skal no leggje plast over cirka 7.000 kvadratmeter gulrotåker. Grønsakbonden i Søgne seier det ikkje er heilt trygt å så gulrøter så tidleg.
– Trygt og trygt. Dette er noko som eg aldri har gjort før. Faren er at dersom det skulle kome frost i spiringa, så kan det føre til at plantene tek skade, seier Pettersen. (©NPK)