Usemje om utanlandsstudentar

ANSA er ikkje nøgd med stipendordninga for utanlandsstudentar, og har starta kampanje for å betre forholda.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Nye tal frå Lånekassen viser at utanlandsstudentar si studiegjeld har auka med 40 prosent sidan 2005. Studiegjelda til studentar i Norge auka med ni prosent.

Lånekassen tilbyr stipend til 70 prosent av skulepengane til utanlandsstudentar, men går då ut ifrå eit maksimalbeløp på 58 260 kroner. Dersom skulepengane overstig dette beløpet, må studenten betale resten.

Association of Norwegian Students Abroad (ANSA) har starta kampanjen «UT:rop!», med mål om at alle norske studentar som studerer i utlandet skal få 70 prosent av skulepengane dekka av stipend.

Kristiane Roe Hammer, president i ANSA, hevdar at mange studentar må betale store summar sjølv.

– Tala høyrast meir positive ut enn det som er realiteten for dei fleste. Den faktiske delen av skulepengane som vert dekka i form av stipend, er for mange så låg som 25 prosent, opplyser Hammer.

Også Norsk Studentorganisasjon (NSO) stiller seg bak kampanjen.

– Det er ei gode at fleire studerer i utlandet. Dei skal ikkje då sitte att med ei økonomisk byrde, meiner NSO-leiar Kim O. Kantardjiev.

Regjeringa er ueinig
Tora Aasland, forskings- og høgare utdanningsminister, seier at Kunnskapsdepartementet ikkje er samde med ANSA sin politikk på området.

– Vår høgste prioritet er ikkje at studentar skal ta heile studiet i utlandet. Vårt mål er at så mange som muleg skal få mulegheit til å ta delar av studiet utanlands. Dei avgrensa ressursane vi har, skal kome så mange som mogleg til gode. Rettferd er det viktigaste, seier ministeren.

Aasland trekk fram at nokre skular krev skulepengar som går langt utover grensene for kostnadar staten kan finansiere.

– Samanlikna med andre land, har Noreg gode ordningar når det gjeld studiefinansiering, seier Aasland.

Fornøgd utanlandsstudent
Ikkje alle utanlandsstudentar er tilhengarar av kampanjen.

Andreas Dahl, norsk medisinstudent i Ungarn, er nøgd med den økonomiske situasjonen. Kampanjen til ANSA syns han er unødvendig.

– Må ein til utlandet fordi ein ikkje kjem inn på ønskt linje i Noreg, har ein seg sjølv å takke. Ein er klar over korleis systemet fungerer, og har mulegheit til å forbetre karakterane i god tid.

Han peikar også på at mange studentar som vel å reise til utlandet for utdanning, gjer eit taktisk val.

– At kostnadane er høge, er gjerne ikkje viktig når ein veit at ein kjem til å få økonomisk uttelling seinare.

Dahl har inntrykk av at norske studentar er heldige.

– Det verkar som vi frå Norge har det gjennomsnittleg betre enn dei fleste andre utanlandsstudentar eg møter, seier han.

Skuffa over regjeringa
Hammer i ANSA er misfornøgd med at regjeringa ikkje anerkjenner at gevinsten av studie i utlandet aukar proporsjonalt med lengda på opphaldet.

– Det er stor forskjell på eit semester med utveksling og fleire år i utlandet. Det er til dømes heilt umogleg å lære seg kinesisk på eit år.

Hammer peikar på at staten årleg sparar store summar på utanlandsstudentar, og synest det er synd at regjeringa nedprioriterer desse.

– Utanlandsstudentar er dei som bidrar mest til både innsparing og med kompetanse. Det å ta ein heil grad i utlandet burde vere ein reell mulegheit for alle. Det er det i ferd med å ikkje bli, seier Hammer.

Les saka i Studvest!

Faktaboks