Tyskarane trur på kjærleiken
Tyskarane er meir romantiske enn folk trur.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Tyskarane er eit meir romantisk folkeslag enn det kan virke som på den forretningsmessige overflata: I ei ny undersøking seier to tredelar av dei at dei trur på den store kjærleiken.
Kvar tredje har godt håp om at dei sjølv skal få oppleve dette. Desse seier at dei i dag lever i eit svært lykkeleg parforhold, går det fram av undersøkinga Allensbach-instituttet har gjennomført for kaffiprodusenten Jacobs Krönung.
Men ein god del av dei vel 1.800 deltakarane i undersøkinga er mindre sikre på at kjærleiken skal vare evig. Kvar fjerde av dei spurte seier dei går i tankar om å finne seg ein ny og betre partnar, skriv nyheitsbyrået DPA. (©NPK)